LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i terrestrisk økologi

Søknadsfrist: 30.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i terrestrisk økologi

Ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i Terrestrisk Økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppa Ecological and Environmental Change (EECRG) og er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I noverande forsøk på å forstå korleis miljøendringar påverkar økosystema, er fokus ofte på bestandsstørrelse og artsutbreiing, medan artsinteraksjonsdata blir verande sporadiske. I mellomtida viser nyare langtidsstudiar at styrken til interaksjonar òg kan endra seg innanfor artsutbreiingsgrenser uavhengig av føresagde utbreiingsforskyving. Det er viktig å fastslå omfanget av slike "usynlege" endringar i økosystem, fordi funksjonen og stabiliteten til ein art (eller nettverk av artar) til sjuande og sist avheng av styrken til interaksjonane meir enn av nærværet eller fråværet dens.

Fokus her er på terrestriske økosystem og spesielt tempererte skogar. Kandidaten vil bruka hullrugande fuglar og deira trofiske interaksjonar langs ein urbaniseringsgradient for å studera dei kombinerte effektane av habitatforringelse og klimaendringar på artsinteraksjonar.

Kandidaten blir forventa å utvikla forskinga si empirisk gjennom overvaking av hullrugande fuglar i lokale fuglekassepopulasjonar og bruk av data samla inn det siste tiåret. Nokre av desse spørsmåla kan òg behandlast i breiare skala gjennom internasjonalt samarbeid.

Kandidaten vil i hovudsak væra lokalisert ved Universitetet i Bergen, med høve til korte opphald utanlands ved behov for internasjonalt samarbeid.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i Økologi og Evolusjon, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med handtering og måling av små sporvefuglar er eit krav.
  • Gode statistiske ferdigheiter og kjennskap til R-programmering er eit krav. 
  • Erfaring med overvåking av hekkende fuglar i reirboksbestander gjennom minst ein heil hekkesesong er ein klar fordel.
  • Ei dokumentert interesse for feltarbeid som involverer ville fuglar i skandinavisk vêr er ein klar fordel.
  • Kjennskap til geografisk dataanalyse i R (GIS) er òg ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Spesielle krav til stillinga

Universitetet i Bergen er underlagd forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta vil komma til bruk i behandlinga av søknadene.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 532 200. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad.
  • Relevante attestar.
  • Godkjend dokumentasjon på ferdigheiter i engelsk (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål kontakt Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS