LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 01.02.2022

Universitetet i Bergen

niversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat i spesialpedagogikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga er knytt til det nyoppretta Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims). Hovudmålet til senteret er å utvikle kvaliteten på forsking om spesialpedagogikk og inkludering, og å formidle forsking av høg kvalitet til praksisfeltet, brukarorganisasjonar, beslutningstakarar og allmenta.

Senteret vert leia frå Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, men den aktuelle stipendiatstillinga er lagt til Universitetet i Bergen.

Om Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering:

  • Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering er finansiert av Norges Forskningsråd, i første omgang for ein periode på 5 år.. Senteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Universitet i Agder og Nord Universitetet.
  • Senteret skal forske på kven som treng spesialpedagogisk støtte og tilpassing, når den spesialpedagogiske hjelpa bør bli gitt, kva tiltak barn og unge med særskilte behov har nytte av og korleis ein kan gje denne hjelpa på ein best mogeleg måte.
  • Senteret er organisert i 7 delprosjekt (arbeidspakkar), der kvart delprosjekt vil ha sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.
  • Den utlyste stipendiatstillinga blir anten knytt til arbeidspakke 3 eller arbeidspakke 7 - meir informasjon finn du her.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Institutt for pedagogikk har til ei kvar tid stipendiatar som bidrar til forskinga på instituttet. Doktorgradsprosjekta inngår i ein langsiktig plan om å styrkje utdanningsvitskapeleg forsking. Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og vitskapelege arbeid, samt prosjektskissa sin relevans og kvalitet inn mot arbeidspakke 3 eller arbeidspakke 7. Den som vert tilsett vil bli knytt til forskingsgruppa Spesialpedagogikk (SpesPed) ved instituttet.

Forskingsprosjektet som kandidaten skal gjennomføre skal utviklast og gjennomførast i samarbeid med rettleiar(ar) og andre forskarar i senteret. Som søkjar bør du så tidleg som mogleg ta kontakt med rettleiar i arbeidspakke 3 (Bjarte Furnes) eller arbeidspakke 7 (Elisabeth Hesjedal). Ved kontakt med ein av desse kan du også få tilsendt prosjektbeskrivinga til senteret.

Ved tilsetting vert kandidaten tatt opp i forskarutdanninga ved fakultetet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad eller tilsvarande i spesialpedagogikk, pedagogikk, logopedi eller psykologi. Mastergrad frå andre fagområde vil være kvalifiserande om masteroppgåva har tematikk med relevans for spesialpedagogikk.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Undervisningsspråket er norsk på dei fleste emna på bachelor- og masterprogrammet i spesialpedagogikk, og søkjarar bør kunne bruke eit skandinavisk språk skriftleg og munnleg alt ved oppstart.
  • Det er ein føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap som dekker prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller gjennom annan forsking/publikasjonar.
  • Det vil verte lagt vekt på personlege eigenskapar. Kandidatane sine ambisjonar og kandidatane sitt potensial vil også telle i vurderinga.

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning ved bachelor- og masterprogramma i spesialpedagogikk. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon Stipendiaten vil ha arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for pedagogikk.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av kandidatane sine kvalifikasjonar til stillinga vil dei også verte vurderte iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og erfaringar, samt motivasjon for å ta ein doktorgrad.
  • Ei prosjektskisse på 5 sider (inklusive referansar) som presenterer og grunngjev eit aktuelt tema, problemstillingar og val av teori og metode (design, datagrunnlag og analyse) innafor arbeidspakke 3 eller arbeidspakke 7. Skissa vert brukt i vurderinga av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. Søkjarar kan få noko rettleiing på den førebelse prosjektskissa. Dei som er interesserte i rettleiing kan ta kontakt med aktuelle den aktuelle rettleiaren (Bjarte Furnes eller Elisabeth Hesjedal, avhengig av om ein er interessert i å arbeide innafor arbeidspakke 3 eller arbeidspakke 7).
  • Stadfesting frå forskingsgruppe og rettleiar
  • CV med karakterutskrifter og vitnemål frå all høgare utdanning.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Søkarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart ein veit ein vil søkje stipendiatstillinga. Dersom ein ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg ein ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle andre relevante publikasjonar.

Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge. Dersom ein legg ved dokument på andre språk enn norsk, dansk, svensk eller engelsk, må ein også legge ved attesterte omsetjingar av desse til engelsk eller eit skandinavisk språke. Vi gjer merksam på at søknaden vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å syte for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at alle vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS