Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i sedimentologi og bassenganalyse

Søknadsfrist: 24.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i rifttektonikk og sedimentasjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning), og er knytt til PETROMAKS2-prosjektet DeepRIft.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

DeepRIft-prosjektet er eit tverrfagleg prosjekt som integrerer data og observasjonar frå geologiske feltblotningar med marine geofysiske data frå Korint-rifta, numerisk modellering av tektonikk og overflateprosessar, og 3D seismikk og brønndata frå den norske kontinentalsokkelen. Formålet er å arbeide fram betre forståing av kva som kontrollerer erosjon, transport av sedimenter og avsetjingsprosessar i riftbasseng. Prosjektet leiast av Professor Rob Gawthorpe ved Universitetet i Bergen i tillegg til akademiske samarbeidspartnarar ved The Hellenic Centre for Marine Research, universiteta i Aten, Leeds, Lorraine (CRPG-CRNS), Northern Arizona, og Imperial College. Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd og fire industripartnarar.

Prosjektets formål er å forstå korleis bassenginnfyllinga i Korint-rifta responderer på forskjellige kontrollar i rifta sitt kjeldeområde, på kontrollar i bassenget, og faktorar generert av sedimenta sjølv. Dette vert oppnådd gjennom grundig feltarbeid på avsetjingssystem på bassengmarginane og assosierte strukturar, og gjennom sedimentologiske og paleomiljø analysar av IODP kjernane som er samla inn.

Følgjande aktivitetar i studiet kan nemnast:

  • Kartlegging av bassengmarginlagrekjer og assosierte strukturar langs sørkysten av Korintgulfen.
  • Sedimentologisk og stratigrafisk analyse av kjernar og blotningar
  • Paleomiljøanalyse av kjernar og blotningar
  • Integrering av strukturelle, sedimentologiske og paleomiljø data for å rekonstruere hovudkontrollane på riftmargin og riftakse sedimentasjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geofag som er relevant for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i prosesssedimentologi er eit krav, fortrinnsvis erfaring frå kystlinje og turbiditt avsetjingssystem
  • Omfattande felterfaring er eit krav, fortrinnsvis i syn-tektonisk aktive system der strukturell kartlegging inngår.
  • Erfaring med bassenganalyse og intergrering av sedimentære og strukturelle data er eit krav, særleg i bruk i rift-basseng.
  • Erfaring med arbeid med kjernematerial er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

Erfaring som undervisningsassistent i laboratorieundervisning på bachelornivå vil vere ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensiale vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga :

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Rob Gawthorpe, Institutt for geovitskap, Universitet i Bergen, e-mail: rob.gawthorpe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS