LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i romplasmafysikk

Søknadsfrist: 25.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i romplasmafysikk

Det er ledig ei stilling som stipendiat i romplasmafysikk ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Denne stipendiatstillinga er ein del av prosjektet “E3D-BRITE: EISCAT_3D-basert rekonstruksjon av ionosfære-termosfære elektrodynamikk”, finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

E3D-BRITE-prosjektet tar for seg ei stor utfordring i romfysikken: Korleis utviklar elektriske straumar seg i jordas ionosfære over tid innanfor eit tredimensjonalt volum og på romlege skalaer mindre enn 100 km? Desse spørsmåla har vore umogelege å svare på grunna mangel på verkeleg 3D-målingar av det kopla ionosfære-termosfæresystemet.

Vi tilset ein stipendiat som skal arbeide saman med E3D-BRITE-teamet for å utvikle og teste EISCAT_3D-eksperiment og open-kjeldekode programvareverktøy som genererer ein optimalisert rekonstruksjon av ionosfære-termosfære elektrodynamikken innanfor EISCAT_3D sitt synsfelt. Stipendiaten vil i utføringa av desse studiane ha moglegheit til å flytte grensene for den noverande forståinga vår betydeleg.

E3D-BRITE-prosjektet er eit samarbeid mellom ekspertar ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø i Nord-Noreg, og Universitetet i Oulu i Finland. Den som vert tilsett, bør vere førebudd på å reise for å samarbeide med E3D-BRITE-teammedlemmar og for å formidle viktige vitskaplege resultat.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller anvendt matematikk, eller eit anna relevant fagfelt, eller må ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Vitskaplege programmeringsferdigheiter er nødvendig.
  • Erfaring med inverse problem er nødvendig, og dokumentert erfaring med nokre av følgjande emne relatert til dette er ein klar fordel:
    • Dataassimilasjonsteknikkar
    • Kalman-filter
    • iterativ omvekting
    • linearisering av ikkje-lineære inverse problem
    • kriging/Gaussian prosessregresjon
    • Bayesiansk inferens.
  • Det er ein klar fordel om kandidaten har praktisk erfaring med vitskapleg programmering, inkludert til dømes:
    • Skripting
    • bruk av avanserte modellar eller simuleringar
    • objektorientert programmering
    • avanserte matematiske eller statistiske berekningar.
  • Det er ein fordel å beherske Python.
  • Kjennskap til sentrale tema innan romfysikk er ein fordel, herunder eit eller fleire av desse:
    • Magnetosfærefysikk
    • Ionosfærefysikk
    • Termosfærefysikk
    • modellering av magnetfelt
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

 Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For spørsmål relatert til HR, kontakt Thea Thingnes (thea.thingnes@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS