LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i paleoseanografi / fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 23.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i paleoseanografi/fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til eit prosjekt med tittelen “FJO2RD: The effect of climate change on the deep-water renewal frequency of Norwegian fjords”, som er finansiert av Forskingsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den overordna målsettinga for prosjektet er å utforske om, korleis og kvifor fornyinga av vassmassar i norske fjordar har endra karakter grunna fysiske klimaendringar og å fastslå om desse endringane er knytt til endringar i oksygeninnhaldet i norske fjordar og menneskelege påverknad. FJO2RD er eit interdisiplinært prosjekt som involverer ekspertar på fysisk og kjemisk oseanografi, paleoseanografi og regional modellering.

Den overordna målsettinga for stipendiatstillinga er å etablere ein historisk referanse for dei pågåande endringane i fjordmiljøet, gjennom å rekonstruere korleis oksygeninnhaldet og ferskvatntilførsel har endra seg de seinaste ca. 400 år i to norske fjordar, og å finne koplingar mellom rekonstruert variabilitet, fysisk pådrag og havdynamikk.

Arbeidet vil involvere analyse av bentiske foraminiferar og geokjemiske analysar (Mn/Ca, Ba/Ca, Mg/Ca, karbon og oksygen isotopar). Eit utanlandsopphald på Gøteborgs Universitet (6 månadar) er planlagd for stipendiaten.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i paleoseanografi, fysisk oseanografi, paleoklima, marin geokjemi, marine fag eller nærliggande fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå identifisering av bentiske foraminiferar og/eller geokjemiske analysar og/eller arbeid med relevant havdynamikk er eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med foraminifer-baserte metodar i miljø med lavt oksygeninnhald, fjord-oseanografi og bruk av fleire metodar eller erfaring med samarbeid på kryss av disipliner vil vere fordelaktig.
  • Kunnskap om klimadynamikk, statistikk, matematikk eller programmering er fordelaktig.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

Stipendiaten må være forberedt på å være 6 månadar ved Gøteborgs Universitet for å tileigne seg naudsynt kunnskap og erfaring.

Det er ønskeleg at kandidaten startar stillinga i perioden 01.12.2021 og 01.01.2022, slik at kandidaten kan delta på toktet der forskingsmaterialet som kandidaten skal arbeide med vil samlast inn.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilknyting til ein multidisiplinær (fysisk og kjemisk oseanografi, marine biologi og paleoseanografi) gruppe ved Bjerknessenteret for klimaforskning.
  • deltaking i CHESS (https://chess.w.uib.no/), ei nasjonal forskarskule for stipendiatar som arbeider med klimarelaterte målsettingar.
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar I Bjørg Risebrobakken, NORCE (bjri@norceresearch.no) eller
  • Førsteamanuensis Elin Darelius, Geofysisk Institutt (elin.darelius@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS