LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i metallorganiske rammeverk for hydrogenrensing og omdanning til hydrogenbærer

Søknadsfrist: 17.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i metall-organiske rammeverk for hydrogenrensing og omdanning av hydrogen til hydrogenbærer

Ved Kjemisk Institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i metall-organiske rammeverk for hydrogenrensing og omdanning av hydrogen til hydrogenbærer. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Norsk senter for hydrogenforsking (HyValue), eit forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Den grøne energiomstillinga krev utvikling av nye materiale i ei rekkje energiapplikasjonar. Hovudmålet med prosjektet er å utvikla nye metall-organiske rammemateriale og derivata deira, evaluera eigenskapane deira for hydrogenreinsing og som komponent i fotokatalytisk vasspalting, ammoniakksyntese og metan-cracking. Stillinga er ein del av arbeidspakken «Novel Production Methods» i Norsk Senter for Hydrogenforskning (HyValue). Noka testing av materiala vil bli utførte i samarbeid med dei andre deltakande forskingsgruppene. Vi søkjer etter ein stipendiat med rett bakgrunn og motivasjon for å styrkja forsøksaktivitetane i prosjektet. Spesifikt vil hovudoppgåvene for forskaren vera syntese av metall-organisk rammeverk, potensielt inkludert syntese av nødvendige organiske linkere, karakterisering av dei oppnådde materiala, primært med hjelp av røntgendiffraksjon, inkludert in-situ synkrotroneksperiment, termisk analyse, sorpsjonsmålinger og katalytisk testing.

Vi søkjer ein høgt kvalifisert og motivert kandidat som har vist evne til å oppnå framifrå resultat innan kjemi, er nysgjerrig og kreativ, og har vilje til å lære og ta i bruk nye metodar. Det vert forventa at kandidaten bidreg til generelt vedlikehald av forskingsinfrastrukturen i forskingsgruppa og deltek i populærvitskapleg formidling som del av prosjektet. Den vellykka kandidaten vil bli integrert i eit team av bachelor- og masterstudentar, Ph.d.- studentar og postdoktorar. Kandidaten vil få høve til både å få og gi rettleiing og å utvikla leiareigenskapar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 1.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med syntese og karakterisering som er relevant for metallorganiske rammeverk er eit krav.
  • Det er ein føremon med erfaring innan
    • Syntese og karakterisering av metallorganiske rammeverk (MOF)
    • Røntgendiffraksjonsmetodar
    • Krystallstrukturbestemming og tilpassing frå enkrystall og/eller pulver
    • Operando/in situ studier av material
    • Gassadsorpsjon
    • Katalyse eller elektrokatalyse.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Det er ein føremon om søkjarar har gode norskkunnskapar.

Desse kvalifikasjonane blir tekne i betraktning i vurderingsprosessen. Søkjarar må dokumentere kvar av dei ovanfor påståtte kvalifikasjonane ved å leggje ved attestar, diplom, referansar, publikasjonar, el.lign., som omtalt under «Søknaden skal innehalde» nedanfor. Søknaden må også innehalde ein oversikt (ei liste) over korleis kvar av desse kvalifikasjonane er dokumentert.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 000 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  •  CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1.07.2024.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
  • ei oversikt (ei liste) over korleis kvar påstått kvalifikasjon er dokumentert

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Pascal Dietzel, Kjemisk Institutt, tlf. +47- 55 58 33 68 / e-post: pascal.dietzel@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgiver Anna Folgerø, e-post: anna.folgero@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS