LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i marin optikk

Søknadsfrist: 16.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i marin optikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i marin optikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektetProsjektet har som mål å forbetre kunnskapen om korleis laser- og sollys forplantar seg i vatn med store tid- og romvariasjonar i optiske eigenskapar, frå klart vatn på store havdjup til turbide norske fjordar som er influert smeltevatn frå isbrear.

Arbeidsoppgåver

  • Stipendiaten vil bli ein del av ei mangfaldig gruppe med erfaring i marin optikk, havteknologi og biologi, og avhengig av bakgrunn og ferdigheiter, vil kandidaten jobbe i lage med resten av gruppa med nokre av følgjande tema:
  • Påverknad av turbulens på lystransport i vatn.
  • Utvikling av Monte Carlo-metodar for laser- og sollystransport i vatn.
  • Analyse av bruken av LIDAR, optisk kommunikasjon og/eller avbildingssystem i vatn med store variasjonar i optiske eigenskapar.
  • Utvikling av bio-optiske modellar for absorpsjon- og spreiingskoeffisientar basert på innhald i vatnet, som plankton, oppløyst organisk materiale og mineralpartiklar.
  • Målingar av optiske eigenskapar ved bruk av eit LISST-VSF-instrument og ein ACS absorpsjons- og svekkingssensor, i tillegg til ulike typar radiometer.

Prosjektet vil bli utført i samarbeid med Institutt for fotonikk ved Danmarks tekniske universitet (DTU).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller havteknologi med sterk kopling til fysikk. Mastergradsstudentar kan søke dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.08.2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må argumentere for korleis elektromagnetisme, optikk eller strålingstransport er ein sentral del av mastergradsoppgåva eller seinare arbeid.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk er ein fordel for undervisningspliktene.
  • Formell pedagogisk utdanning er ein fordel.
  • Erfaring frå ein eller fleire av arbeidsoppgåvene lista over er ein fordel.
  • Erfaring frå bruk av Python eller C++ til å løyse oppgåver i fysikk på masternivå er ein fordel.
  • Erfaring med havet eller det marine miljø er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil òg telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, skal du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.08.2022
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket vil gjelde ved behandling av søknadar til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS