LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i leksikografi eller namnegransking

Søknadsfrist: 19.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i leksikografi eller namnegransking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), knytt til Språksamlingane

Velkommen som søkjar til éi stipendiatstilling i leksikografi eller namnegransking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Stillinga er knytt til Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket. Planlagd oppstart er 01.09.2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om instituttet

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap. Åtte forskarstillingar er knytte til to leksikografiske prosjekt: Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka og Norsk Ordbok a–h. Les meir om ordbokarbeidet ved UiB her.

Om Språksamlingane

Språksamlingane er ein del av Universitetsbiblioteket ved UiB, som samarbeider tett med LLE. Språksamlingane er ein viktig vitskapleg ressurs med digitalt og fysisk språkleg materiale som er ope tilgjengeleg. Materialet er knytt til leksikografi, norsk namnegransking, dialektologi og norrønt. I nyare tid har Språksamlingane fått tilført ei rekkje terminologiske ressursar.

I samband med normering av dei norske skriftspråka, og for andre vitskaplege eller teknologiske formål ved og utanfor UiB, må Språksamlingane til ei kvar tid tilby relevant og haldbar språkdokumentasjon.

Saman med terminologi utgjer leksikografi og namnegransking kjerneaktiviteten ved Språksamlingane. Desse tre fagområda er nasjonale språkpolitiske satsingsområde. Dei er alle små fagfelt som skal dekkje eit aukande behov for kompetanse på desse områda i forvalting, utdanning og samfunnsliv.

Les meir om innhaldet i Språksamlingane her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar innanfor leksikografi må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i nordisk språk, lingvistikk eller anna relevant språkfag, gjerne retta mot leksikografi, datalingvistikk, semantikk eller grammatikk.
  • Søkjarar innanfor namnegransking må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i nordisk språk, lingvistikk eller anna relevant språkfag, historie eller arkeologi, gjerne retta mot namnegransking, etymologi eller liknande.
  • Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg, svært godt. Det kan vere aktuelt å gjere unntak frå dette kravet for søkjarar med prosjekt i namnegransking eller språkteknologisk orientert leksikografi.
  • Søkjarar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Erfaring med bruk av korpus, databasar og behandling av store datamengder er ein føremon
  • Praktisk erfaring innanfor leksikografi eller namnegransking er ein føremon
  • Søkjaren må kunne arbeide strukturert med eit langvarig, sjølvstendig prosjekt.
  • Søkjaren må vere interessert i å spreie kunnskap om og bidra til vidareutvikling av Språksamlingane, i samarbeid med kollegaer.

Søkjaren må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling i leksikografi eller namnegransking

Søkjarane vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det blir videre lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet og Språksamlingane ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har den daglege arbeidsplassen sin ved Universitetet i Bergen, og at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjend midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer omfanget av oppgåva i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei best kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS