LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Søknadsfrist: 30.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i i kvartærgeologi og paleoklima

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-stipendiaten skal undersøke korleis kvartære klimaendringar påverka oppførselen til breane, og korleis endringar i bredynamikk og paleoklima kan tolkast frå geologiske arkiv. Ph.d.-stipendiaten vil (1) utvikle og analysere eit regionalt datasett som inneheld kvartære morenealdrar, og (2) undersøke glasiale geomorfologien og lage ny morenekronologi med eksponeringsdatering ved bruk av kosmogene nuklidar.

Ph.d.-stipendiaten vil utvikle ferdigheiter innan programmering og datavitskap for å nytte den uformelle databasen ICE-D med eksponeringsaldrar frå kosmogene nuklidar. ICE-D er ein innovativ ressurs med open tilgang som anerkjenner verdien av analyse av store datasett i geovitskap og som fremmer transparent bruk av geokronologiske data. Ph.d.-stipendiaten vil også utføre laboratoriearbeid på UiB sin Prepareringsfasilitet for kosmogene nuklidar på Institutt for geovitskap for å preparere steinprøvar for analyse av kosmogen Be-10 som skal nyttast til eksponeringsdatering.

Som ein del av prosjektet vil ph.d.-stipendiaten ha moglegheit til å utføre, og til å besøke samarbeidspartnarar ved Berkeley Geochronology Centre, USA, og Scottish Universities Environment Research Centre, Storbritannia, men feltarbeid og besøk hos eksterne samarbeidspartnarar er ikkje avgjerande for stillinga, og ph.d.-stipendiaten kan være basert i Bergen under heile engasjementet om ønskeleg.

Lenker til relevante artiklar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, naturgeografi eller ein annan relevant disiplin, og ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Evna til å lære preparering av prøver til analyse av kosmogene nuklidar ved UiB sin Prepareringsfasilitet for kosmogene nuklidar er eit krav.
  • Demonstrert erfaring frå å tolke bremiljø og analysere geokronologiske data er ein føremon.
  • Erfaring med vitskapeleg programmering og dataanalyse ved bruk av MATLAB eller Python er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jf. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Ann Rowan, Institutt for geovitskap, e-post: ann.rowan@uib.no, eller
  • Professor Henriette Linge, Institutt for geovitskap, e-post: henriette.linge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS