LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid - Dei nye nettverka

Søknadsfrist: 21.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for design/Kunstakademiet er det ledig stilling som stipendiat (100 %) i kunstnarleg utviklingsarbeid. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % pliktarbeid. Pliktarbeidet kan vere i form av undervising, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved institutta.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Bakgrunn

Mediekanalar og sosiale nettverk har gitt nye moglegheiter for innverknad på sosial og politisk opinion. I ein krisesituasjon som den vi opplever med covid-19-pandemien, blir graden av argumentasjon og ei djupare forståing av årsaker, dynamikk og samfunnsverdiar ofte svært redusert, og i denne samanheng kan medieplattformar representere ein trussel mot kritisk tolking og toleranse i offentleg forståing.

Den eksplosive utviklinga og bruken av nettbaserte, alternative kommunikasjonsverktøy har vore eit viktig aspekt ved den noverande covid-19-situasjonen. Sjølv om desse nye verktøya primært er lågteknologiske og lett tilgjengelege for store deler av samfunnet, introduserer dei nye kanalar for diskusjon, deltaking og avgjersler. Ålmenta – forstått som utdanning, kulturpolitikk, offentleg diskurs og demokrati – blir forma av eit nytt kollektivt medvit.

Søknad

Vi inviterer med dette kandidatar til eit ph.d.-studium i kunstnarleg utviklingsarbeid som kan undersøke nye offentlege online scenario. Vi ønsker prosjekt som utforskar dei nye teknologiske moglegheitene og sosiale rørsler knytt til desse i ein kritisk og kunstnarleg samanheng. Søknaden skal presentere ei prosjektskisse, omtale den kunstnarlege relevansen, samt metodikk og eventuell bruk av teori.

Sentralt i kunstnarleg utviklingsarbeid ved både Kunstakademiet og Institutt for design ved KMD er måtane vi møter såkalla ny teknologi på, og korleis ny teknologi møter menneskeleg åtferd. Vi forventar at ein felles forskingskontekst vil styrke undersøkinga av konsekvensar og moglegheiter. Stillinga er difor knytt til både Institutt for design og Kunstakademiet, og det er opent for søkjarar frå begge felt, som ser moglegheitene i å gjere tverrfagleg forsking.

Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarisk utviklingsarbeid ved institutta og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå her.

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i design, kunst eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeld følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen.

Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og kan strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år.

Fakultetet vil normalt stille krav om residensplikt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/LR20:10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse .
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 5 sider/ 20 000 teikn.
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon (vitnemål og attestar) av formell fagleg kompetanse
  • Budsjett og finansieringsplan (sjå nettsida vår).
  • Tidsplan.
  • Forslag til rettleiar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge. Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar (Institutt for design) Anette Højlund Pedersen, tlf +47 55 58 73 00, e-post: anette.hojlund@uib.no, eller
  • Instituttleiar (Kunstakademiet) Frans Jacobi, tlf: +47 55 58 74 84, e-post: frans.jacobi@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS