LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kunsthistorie

Søknadsfrist: 01.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i kunsthistorie

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stipendiatstilling i kunsthistorie. Planlagd oppstart er 1. september 2022, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, og er knytt til SFF-initiativet Visions of the Arctic (VOA), leia av professor Sigrid Lien | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium | Universitetet i Bergen (uib.no).

Om Visions of the Arctic (VOA):

Forskingsplanen til Visions of the Arctic rettar seg mot å utvikle ein humaniorabasert modell for transdisiplinært samarbeid for å etablere ei heilskapleg forståing av Arktis som eit visuelt konglomerat av paradoks og konfliktliner knytte til den eksplosive politiske og klimakritiske situasjonen i regionen. Visjonar og visualiseringar er essensielle for utviklinga, oppretthaldinga og rørslene av idear både i den vitskaplege og populære forståinga av Arktis. Dei spelar ei sentral rolle i dei retoriske prosessane som etablerer spekteret av ulike og ofte motsetnadsfylte interesser og røyndomsforståingar. Dei dannar også ein felles grunn for å byggje bru mellom ulike epistemiske, sosiale og kulturelle praksisar. Gjennom eit fokus på visjonar og visualiseringar søkjer VOA å overskride den disiplinære kompartementaliseringa i Arktis-forskinga og rigide kultur-natur motsetnader. Dette er kritisk i ei tid med aukande merksemd om klimaendringanes miljømessige og sosiale verknadar, ei utvikling som løper parallelt med auka press på utnytting av naturressursar, og utvikling av nye handels og navigasjonsliner i Nordområda. Visualiseringar av makt, oppheta diskusjonar om lokal- og urfolkssuverenitet, og konfliktfylte settler-koloniale relasjonar høyrer også med i dette bildet. VOA vil kartleggje, etablere forbindelsar mellom - og analysere desse spenningane. Initiativet bringer saman nordområde-forskarar frå humaniora og samfunnsvitskap, Bergen universitetsmuseum og klimaforskarar frå Bjerknessenteret.

Forskargruppa er i gang med eit pilotprosjekt knytt til forbindelsen mellom Bergen og Grønland, både i historisk og samtidig tyding. Dette er eit felt som har fått lite merksemd i nyare forsking. Det var Bergen som var utgangspunktet for Grønlandsekspedisjonen til misjonæren Hans Egede i 1721, og det var med finansiell støtte frå Bergenske handelsfamiliar at Egede kunne grunnleggje ein misjonsstasjon på Grønland. Det tette sambandet mellom denne kolonien og Bergen, førte vidare til at det “Det Bergenske Handelskompani” i 1723 fekk monopol på handel på Grønland. Denne kolonialiseringa, som har hatt store politiske, økonomiske og kulturelle konsekvensar heilt fram til vår eiga tid, skjedde altså frå Bergen. I arkiv og museum i Bergen og på Grønland, finst det framleis spor etter denne forbindelsen i form av dokument, objekt og visuelt materiale. Forskargruppa vil undersøkje Bergen-Grønlandsaksen gjennom ei transdisiplinær tilnærming som omfattar perspektiv frå humaniora, samfunnsvitskap og klimaforsking, men med eit spesifikt fokus på konglomeratet av visjonar og visualiseringar knytt til Bergen-Grønlandsaksen. Som resultat av dette arbeidet er det blant anna planlagt felles publikasjonar og ein større utstillingsproduksjon i samarbeid med Universitetsmuseet i Bergen.

Ph.d.-prosjektet skal bidra til arbeidet på Bergen-Grønlandsaksen. Prosjektet kan til dømes undersøkje korleis visjonar og visualiseringar er sett i spel i det politiske feltet (kolonialisme, ekstraktivisme, misjon, post- og dekolonial aktivisme etc.), i kunnskapsproduksjon, i forskingsfeltet, i den museale formidlinga av kunnskap, og i det historiske og samtidige kunstfeltet. Søkjarar må føreslå eit Ph.d.-prosjekt og levere ein prosjektomtale (sjå fleire detaljar under «Slik søkjer du stillinga»). Pliktarbeidet som er knytt til stipendiatstillinga, kan leggjast opp mot arbeidet med utstillinga som er planlagd som ledd i forskargruppas Grønlandssatsing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit relevant fag som til dømes kunsthistorie eller visuelle studium. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT).
  • Søkjar må normalt ha A eller B på masteroppgåva, og masteroppgåva må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha svært gode kunnskapar om og ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må beherske engelsk skriftleg og munnleg.

Søkjarar vil også bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

I tillegg vil følgjande erfaringar bli rekna som ein føremon:

  • Erfaring med arbeid med historisk eller samtidig kunst knytt til koloniale relasjonar.
  • Erfaring med museologiske problemstillingar og utstillingsanalyse/ produksjon.
  • Erfaring med kunnskapshistoriske problemstillingar og analyse av vitskaplege visualiseringspraksisar.
  • Erfaring frå deltaking i anna forskings- og utviklingsarbeid.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hos søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje.

Stipendiaten vil også inngå i forskarfellesskapen knytt til forskargruppa Visuell kultur i det kunsthistoriske miljøet ved LLE, men også delta i aktivitetar knytte til forskargruppas transdisiplinære team, til dømes førebu møte, seminar, workshops og konferansar relaterte til Grønlandsprosjekt.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i fakultetets utdanningsprogram, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ei midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioden. Trykk her for meir informasjon om innhaldet og krava i Ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultetet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 490 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

I tillegg må dette følgje søknaden:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Prosjektomtale (inntil fem sider), sjå nettsida til prosjektet for relevant bakgrunnsinformasjon. Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som samanfattar prosjektet.
    • Forankring i forskingsfeltet. Korleis plasserer prosjektet seg, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar.
    • Teoretisk tilnærming og metodologi.
    • Tidsplan.
    • Litteraturliste.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Masteroppgåva.
  • Eventuelle vitskaplege arbeid utanom masteroppgåva (inntil tre arbeid).

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Nærare om utforming av søknad her.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS