Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i kunsthistorie

Søknadsfrist: 15.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i kunsthistorie

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stipendiatstilling i kunsthistorie. Planlagt oppstart er 01.01.2021, eller etter avtale. Stillinga er for ei åremålsperiode på 3 år. Stipendet er knytt til forskingsprosjektet The Feminist Legacy in Art Museums (FLAME) finansiert av Norges forskningsråd.

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium omfattar mange akademiske emne innafor språkvitskap, estetiske fag, klassiske fag og digital kultur. Instituttet gir over 200 kurs kvart år, på ei lang rekke studieprogram på bachelor- og masternivå.

Instituttet har om lag 65 vitskapleg tilsette, 30 – 40 i stipendiat- og postdoktorstillingar, ein administrativ stab på 15, og 3 teknisk/arkivtilsette. 18 forskingsgrupper og ein del eksternfinansierte forskingsprosjekt er også knytt til instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskingsprosjektet

The Feminist Legacy in Art Museums (FLAME) tar utgangspunkt i at kunstfeltet og kunstinstitusjonen på mange måtar står i gjeld til 1970-talets feministiske avantgarde, men at denne arven ikkje blir kreditert i kunstmusea. Prosjektet argumenterer for at den framleis låge andelen kunst av kvinner i kunstmusea sine samlingar og innkjøpspraksis heng saman med ei manglande interesse for det feministiske prosjektet som er strukturelt integrert i kunsthistoria generelt og i kunstmuseum meir spesifikt. Forskingsprosjektet vil gjere bot på dette gjennom å undersøkje kvinnerørsla si betydning for museumsutstillingar og innsamlingspraksis, og også utvikla teori og omgrep som kan gripe desse praksisformane i ein museumskontekst. Prosjektet vil difor utføra både empiriske studiar av feministisk kunst i Noreg, og også undersøkja kunstinstitusjonen i eit kritisk kjønnsperspektiv.

Det utlyste PhD-prosjektet skal arbeide med performative strategiar i feministisk kunst på 1970-talet. 1970-åra var eit politisk og tverrfagleg tiår, og kunsten som blei produsert av kunstnarar som var del av kvinnerørsla, var ofte grenseoverskridande i forhold til eit tradisjonelt verksomgrep. Vi er derfor opne for ulike prosjektdesign. Ph.d.-kandidaten kan velja å ta utgangspunkt i alt frå performance til problematisering av kvinnekroppen, kunst som utforsking av livspraksis, problematisering av den personlege situasjonen i det private og offentlege rom, eller andre relevante tema. Det empiriske materialet skal være knytt til norsk kunstliv, og søkjarar må beherska skandinavisk i tilstrekkeleg grad til å kunna arbeida med kjeldemateriale på norsk. Kandidaten bør kunna demonstrera kjennskap til sentrale kunstnarlege tendensar frå perioden i søknaden, men det er ikkje naudsynt allereie å være ekspert innan feltet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan kunsthistorie. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg
  • Søkjar må beherske skandinavisk i tilstrekkelig grad til å kunne arbeide med kjeldemateriale på norsk.

Potensielle søkjarar oppmodast om å ta kontakt med:

  • Sigrun Åsebø for nærare opplysningar om forskingsprosjektet, e-post Sigrun.Asebo@uib.no, tlf. + 47 55 58 32 00 / 416 83 977

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479.200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn)
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 15.09.2020

UiB-id: 20/6253

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS