LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i islamsk historie og kultur - MPrinT-prosjektet

Søknadsfrist: 14.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei stipendiatstilling i islamsk historie og kultur, retta mot endringar i bruk av islamske tekster på swahilikysten. Stillinga er del av prosjektet «MPrinT@East_AFRICA. Islamic Manuscript, Print and Practice: Textual adaptation in East Africa», finansiert av Norges forskningsråd.

MprinT-prosjektet (2021-2025) skal utforske ein sentral hypotese: Reformer innan islamske teksttradisjonar og rituell praksis på 1800- og 1900-talet fann stad innafor eksisterande autoritetsstrukturar og førte til ein serie av tilpassingar snarare enn brot. For å gjere dette vil prosjektet dokumentere, katalogisere og analysere islamske tekster frå perioden kring overgangen frå manuskript til trykk på kysten av Aust-Afrika (Swahili-kysten). Vidare vil prosjektet undersøke korleis desse tekstene har blitt nytta i ritual og undervisning frå ca. 1950 til i dag, og korleis slik bruk varierer mellom ulike stader, mellom generasjonar og kjønn. Denne delen av prosjektet vil bli basert på intervju og studiar av rituelle praksisar.

Om stipendiatstillinga:

  • Søkjaren er forventa å utforme ei ph.d.-avhandling innanfor MPrinT-prosjektet sitt fokusområde.
  • Søknaden skal inkludere ei skildring av ph.d.-prosjektet.
  • Det er forventa at ph.d.-kandidaten tek del i datainnsamlinga på swahilikysten saman med resten av prosjektgruppa.
  • Kandidaten skal også ta del i den generelle teoriutviklinga som er MPrinT-prosjektet sitt overordna mål.

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 3 år.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for prosjektet (Afrikansk eller Midtaustens historie, islamstudiar, sosialantropologi eller tilgrensande fagområde). Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjarar er forventa å kjenne til, og kunne gjere seg nytte av digitalt materiale i forsking, og å kunne skape slikt materiale.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, også på feltarbeid, og ha gode samarbeidsevner.
  • Kunnskap i arabisk er ein føresetnad. Grunnleggande swahili er ein føremon.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, med særleg vekt på gjennomførbarhet og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 490 800 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei prosjektskisse (inntil 5 sider/12.000 teikn) som beskriv det planlagte ph.d.-prosjektet, inklusive den analytiske tilnærminga, empiriske materialet, og metode. Prosjektskissen må også skildre hvordan ph.d.-prosjektet passer i det overordnede MprinT-prosjektet, og refleksjonar rundt gjennomføring og tilgang til data.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider).
  • Relevante attestar/referansar.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ei full prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar professor Anne K. Bang som vil være hovudrettleiar, anne.bang@uib.no, 55 58 94 30, eller til
  • Instituttleiar Teemu Ryymin, teemu.ryymin@uib.no, 55 58 38 79

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS