Stilling:

Stipendiat i historia til den islamske verda i Det indiske hav

Søknadsfrist: 11.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei stipendiatstilling i historia til den islamske verda i Det indiske hav. Planlagd oppstart er 1. august 2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Stillinga er knytt til forskargruppa Senter for Midtausten og islamske studiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie, antropologi, islamske studiar, religionsvitskap eller i ein liknande disiplin. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det blir videre lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga. Kandidaten er forventa å ha tilstrekkelege kunnskapar i relevante ikkje-europeiske språk for å kunne gjennomføre forskningsprosjektet. Kunnskap i arabisk vil vere ein føremon.

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Doktorgradsprosjektet til søkjaren som vinn gjennom skal utforske transregionale koplingar og lokale utviklingar i dei delane av Det indiske hav som har vore forma av islamske kulturelle og religiøse strøymingar. Me tek gjerne imot forslag om tema som til dømestransregionale handelsnettverk, migrasjon og diasporarelasjonar i den moderne perioden etter 1800. Det er venta at søkjaren skal arbeida med relevant primærmateriale på originalspråket, særleg arabisk, men også til dømes persisk, afrikanske språk som swahili eller somali, sørasiatiske språk som urdu eller gujarati, og søraustasiatiske språk som malaysisk eller indonesisk.

Sjå forskargruppa si nettside for meir informasjon om pågåande prosjekt, medlemmar og kompetansefelt.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje. Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til en kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på 501 200,-,- kroner brutto. Vidare opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturiste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, materialar som skal nyttast, etiske aspekt med meir.
  • Ei gjennomtenkt framdriftsplan for prosjektet.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Relevante attestar.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 11.4.2023

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS