LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist: 23.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) ved Griegakademiet - Institutt for musikk frå 1.1.2026. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei spanande og utfordrande leiarstilling.

Arbeidsoppgåver:

Instituttleiar skal drive strategisk leiing og har samstundes det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar. Instituttleiar sit i fakultetet si leiargruppe (Instituttleiarforum) og rapporterer til dekan. Instituttleiar legg til rette for bruk av tid til forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette. Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse. Instituttleiar har HMS-ansvar og for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla. Instituttleiar skal sørge for oppdaterte handlingsplanar og system for kvalitetssikring av instituttets verksemd. 

Instituttleiar sine viktigaste daglege oppgåver er å:

  • Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategiane til fakultetet og Universitetet i Bergen 
  • Representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • Bidra til å auke ekstern finansiering
  • Skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø 
  • Leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
  • Ha budsjettansvar og sikre god drift og økonomistyring etter gjeldande reglar og rutinar 
  • Arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein instituttleiar som har:

  • Forskingskompetanse (professor eller førsteamanuensis) i eitt av fagområda ved instituttet eller nærståande fagfelt
  • Evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål, har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt 
  • God innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • Evne til strategisk tenking og planmessig handling innanfor gjevne ressursrammer 
  • Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål
  • Evne til og erfaring frå arbeid med ekstern finansiering

I tillegg blir det lagt vekt på:

  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil 
  • Erfaring frå forskings- og utdanningsleiing
  • Perspektiv på forsking i eit breitt fleirfagleg musikkfelt og høgare skapande kunstutdanning nasjonalt oginternasjonalt 
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape tillit internt og eksternt 
  • Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Interessante og utviklande leiaroppgåver
  • Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø 
  • Løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Søknad og CV 
  • Vitnemål og attestar
  • Dokumentasjon på kompetanse som professor eller førsteamanuensis. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Dekan Frode Thorsen på e-post: frode.thorsen@uib.no, telefon +47 414 79 223 eller til 
  • Fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie på e-post eli.hoie@uib.no, telefon +47 95198327

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Frode Thorsen (Dekan), +47 414 79 223, frode.thorsen@uib.no
  • Eli Neshavn Høie (Fakultetsdirektør), +47 95198327, eli.hoie@uib.no
Powered by Labrador CMS