LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Søknadsfrist: 31.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Det psykologiske fakultet har ledig ei stilling som stipendiat frå 1.11.2022, eller så snart tilsettingsprosessen er ferdig. Stillinga er tilknytt masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi.

HEMIL utfører forsking og tilbyr utdanningsprogram innan helsefremjande arbeid, barnevern og globale utviklingsstudie. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre fakultet og er ein internasjonalt leiande akademisk institusjon innanfor helsefremjande forsking

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiatstillinga vil være tilknytt forskingsprosjektet «Helsevanar blant skuleelevar» (HEVAS) og inngår i forskingsgruppa «Sosial innflytelse på ungdoms atferd og helse» (SIPA). HEVAS er ei landsdekkande spørjeskjemaundersøking blant norske 11-, 13-, 15- og 16-åringar som blir gjennomført kvart 4. år, med nye data tilgjengeleg hausten 2022. Tilsvarande undersøking blir gjennomført i over 50 andre land, dei fleste i Europa. Verdens helseorganisasjon (WHO) står bak det internasjonale samarbeidsprosjektet.

Formålet er å kartleggje faktorar som bidrar til god utvikling i helse, trivsel og læring blant barn og unge til bruk i forsking og som grunnlagsdata for myndigheiter. Fokusområdet for stipendiatstillinga vil vere knytt til skjerm-/nettaktivitetar (sosiale media eller gaming) og forhold rundt unges helse, trivsel og livsstil (til dømes kan det vere livstilfredsheit, velfungering, søvn, mobbing, kroppsbilde, m.m.). Det vil vere aktuelt å bruke både nasjonale og internasjonale data frå fleire måletidspunkt. Gode kvantitative analyseferdigheiter er derfor sentralt. Ein fullstendig prosjektplan, inklusiv forslag til plan for gjennomføring av ph.d.-utdanning/framdriftsplan utarbeidast i samråd med rettleiarar etter tilsetting.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i helsefremjande arbeid, folkehelse eller psykologi på søknadstidspunktet.
  • Karakteren B eller bedre er veiledende norm for hoved-/masteroppgave, evt. som gjennomsnittskarakter for graden, i forbindelse med opptak. Søkere med svakere karakterbakgrunn vil kunne bli tatt opp dersom det dokumenteres at søkeren er særskilt egnet til en ph.d.-utdanning.
  • Erfaring med kvantitative analyser er eit krav
  • Erfaring frå forskingsprosjektarbeid er ein fordel
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Ha gode ferdigheiter i engelsk og norsk, både skriftleg og munnleg

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 / LR20, alternativ 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Prosjektskisse med forslag til fokus, og metodisk tilnærming (maks 5 sider inkl. referanseliste)
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Stadfesting frå leiar av forskingsgruppa SIPA (Ellen Haug) og rettleiar på PhD prosjektet
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplegearbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Ellen Haug, HEMIL-Instituttet; ellen.haug@uib.no eller på 95809548 (mobil)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS