LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i eksperimentell tungionefysikk

Søknadsfrist: 29.11.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i eksperimentell tungionefysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i eksperimentell tungionefysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-prosjektet på CERN, finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

ALICE er eit av dei fire store eksperimenta ved Large Hadron Collider (LHC). I ALICE studerer ein fysikken til sterkt vekselverkande materie ved dei høgste energitettleikane som er nådd så langt i laboratoriet. Under slike forhold vert det danna ein ekstrem fase av materie som vert kalt kvark-gluonplasma. Tungionegruppa ved Institutt for fysikk og teknologi tek del i ALICE-eksperimentet, som starta ei ny runde datainnsamling frå ultra-relativistiske proton-proton, bly-bly og proton-bly-kollisjonar ved Large Hadron Collider på CERN i 2022 (LHC Run 3). ALICE tek sikte på å kunne karakterisere kvark-gluon-plasma ved hjelp av gode system for partikkelidentifikasjon ved låg og midlare rørslemengd, og dessutan studium av sjeldne signal, blant anna partiklar som inneheld tunge kvarkar ("heavy flavours"). Kandidaten skal arbeide innan analyse og tolking av data registrert av ALICE i Run 3. Primærfokus for den norske ALICE-aktiviteten i Run 3-perioden er kvantitative studium av partonisk materie som blir danna i tidlege fasar av tungionekollisjonar og dessutan innverknad av kalde kjernematerie-effektar, ved å ta i bruk sjeldne signal som inneheld tunge kvarkar, særleg "charmonia". Andre analysetema kan vere gjennomtrengande partiklar som fotoner og "jets", og dessutan ultraperifere kollisjonar. Denne stipendiatstillinga er primært retta mot studium av "charmonium"-produksjon ved midt-rapiditet, målt i di-elektron-kanalen, no med tilgjengelege data frå høgaste LHC-energi. Kandidaten vil vere basert i Bergen, men må rekne med å bruke tid på eksperimentelle målingar og andre ALICE-aktivitetar på CERN i Genève.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i eksperimentell høgenergifysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gode kunnskapar i programmering med erfaring frå data-analyse og/eller simulering er naudsynt.
  • Kunnskap om ALICE-analyse, programvare og programmering, og dessutan vitskapleg profil i tråd med aktivitetane i dei norske ALICE-gruppene (skissert ovanfor) er sterkt ønskeleg.
  • Røynsle frå arbeid i store eksperiment er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes, +47 55 58 20 63, thea.thingnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS