LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i eksperimentell subatomær fysikk

Søknadsfrist: 14.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i eksperimentell subatomær fysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i eksperimentell subatomær fysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Institutt og fysikk og teknologi i samarbeid med NORCC, det norske senteret for CERN-relatert forsking. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Gruppa for subatomær fysikk deltek i to eksperiment ved CERNs LHC, ATLAS og ALICE.

I ATLAS deltek gruppa i søk for supersymmetri og andre kandidatar for mørk materie, og i studiar av eigenskapar til Higgs-bosonet. Gruppa fokuserer på sluttilstandar som inneheld eitt eller fleire tau-lepton. Analyseaktiviteten har nyleg blitt utvida til å omfatte generiske søk etter anomalier ved bruk av moderne maskinlæringsalgoritmar. Vidare deltek gruppa i oppgradering av ATLAS gjennom å delta i prosjektet ‘ITk-pixels’, med ansvar for utprøving og levering av sensormodular til ITk (ATLAS Inner Tracker).

Innan ALICE har det vert ein langvarig aktivitet innan studiar av ultraperifere kollisjonar, der gruppa har utvikla ein av dei leiande simuleringsverktøya (kalla ‘STARLIGHT’), og deltaking i ei rekke studiar av to-foton, og foto-nukleære kollisjonar ved bruk av ALICE data. Andre fysikkanalysar har omhandla studiar av produksjon av charmonium (ein bundet tilstand mellom ein sjarmkvark og dens antikvark). Gruppa er også sterkt involvert i ulike oppgraderingsprosjekt for ALICE.

Stillinga vil vere knytt til enten ATLAS- eller ALICE-gruppa ved IFT. Det er venta at den tilsette deltek aktivt i aktivitetar knytt til eitt av desse eksperimenta. Besøk eller korte opphald ved CERN vil vere ein naturleg del av arbeidet som kandidaten forpliktar seg til.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i høgenergifysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med programmering ved bruk av programmeringsspråk, til dømes Python og C++, er eit krav.
  • Det er ein fordel med mastergrad relatert til ALICE eller ATLAS.
  • Erfaring med arbeid innan eit moderne eksperiment i subatomær fysikk er ein fordel.
  • Den som blir tilsett må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig, og ha gode samarbeidseigenskaper.
  • Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel med gode norskkunnskapar med tanke på moglege undervisingsoppgåver. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål, kontakt rådgjevar Thea Thingnes. Thea.thingnes@uib.no 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

 Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS