LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i digital kultur i prosjektet Extending Digital Narrative (XDN)

Søknadsfrist: 01.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Velkomen som søkjar til ei (1) stipendiatstilling knytt til prosjektet Extending Digital Narrative ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er 1. september 2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre (3) år.

Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet femner om program i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrønt, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Frå hausten 2023 vil instituttet vere stolt vertskap for Senter for digitale forteljingar (Center for Digital Narrative, CDN), eit norsk senter for framifrå forsking (SFF).

Den som vert tilsett vil ha arbeidsstad ved CDN. Senteret har fokus på algoritmisk narrativitet, nye miljø for forteljingar og dei skiftande kulturelle kontekstane kor digitale forteljingar vert mottatt og omarbeidde i. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege agentar fører til nye forteljingsformar, korleis materialiteten til digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle samanhengar formar korleis digitale forteljingar vert brukte og fungerer.

Om prosjektet «Extending Digital Narrative»

«Extending Digital Narrative» (XDN) er eit fireårig prosjekt finansiert av Norges forskingsråd. XDN vil bryta ny mark innan forsking på elektronisk litteratur ved å omfatta digitale forteljingar produsert i nye og framveksande digitale plattformer. Målet er å gi eit nytt rammeverk for å forstå og utvikla digitale forteljingar, og eit sterkt grunnlag for vidare forsking. Me må forståkorleis desse nye plattformane kan gjere det mogleg å utforske nye formar for forteljing. XDN vil møta dette behovet ved å utforska og analysera tre nye modalitetar for digital forteljing, som kvar er eit resultat av store nyare teknologiske framsteg:

1. Immersive forteljingar: Utvida røyndom (XR) forteljingar inkludert virtuell røyndom (VR) i konstruerte/modellerte narrative miljø, «Metaverse» AR-miljø og 360° kino som plasserer tilskodaren i eit oppslukande visuelt felt.

2. Samtalebaserte forteljingar: I løpet av det siste tiåret har samtalegrensesnitt kor brukaren snakkar med ein datamaskin vorte meir vanleg. Nye former for digital forteljing basert på samtalegrensesnitt blir no produserte for smarthøgtalarar som Amazon Echo og Google Home Assistant.

3. Generative forteljingar: Maskingenererte eller AI-drivne forteljingar som blir produserte av algoritmar, og i ulik grad blandar menneskeleg forfattarskap og berekningsbasert tekstskaping.

Om PhD prosjektet

Søkjarane må foreslå eit doktorgradsprosjekt for å undersøkja nye former for digital forteljing som bruker nye teknologiar som kunstig intelligens, utvida røyndom (XR) og/eller samtalegrensesnitt frå eit humanistisk perspektiv. Både kritiske og kreative forskingstilnærmingar er velkomne. Det er ein viss fleksibilitet i temaet for avhandlinga, som vil bli utvikla i samarbeid med XDN-prosjektleiaren i løpet av det første semesteret på kandidaten.

Ph.d.-kandidaten vil samarbeida med prosjektleiar Scott Rettberg, ein postdoktor ved prosjektet, studentassistentar og andre forskarar knytt til Senter for digitale forteljingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, digital humaniora, litteraturvitskap, dataspillstudium, medievitskap eller eit relatert fagområde. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Erfaring frå nokre av desse områda er ein føremon:

  • Akademisk forsking i digitale forteljingar i masteroppgåva eller anna arbeid, spesielt forsking som er relevant for fokusområda til XDN.
  • Kreativt utviklingsarbeid i digitale medium.
  • Tidlegare publisering av forsking eller forskingsformidling.
  • Digitale humanistiske metodar.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt søkjarane sine faglege grunnkvalifikasjonar. Det blir videre lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er tre år.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering . Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn 500.800 kr. per år før skatt (kode 1017), tilsvarande lønssteg 54 i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspektar og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte prosjektleiar Scott Rettberg e-post: scott.rettberg@uib.no eller instituttleiar Anders Fagerjord, telefon 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS