LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i biosystematikk og biogeografi

Søknadsfrist: 27.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i biosystematikk og biogeografi

Ved Avdeling for Natur, UM er det ledig ei stilling som ph.d-stipendiat i biosystematikk og biogeografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der 25 % av tiden er pliktarbeid (til dømes undervisningshjelp og kuratering av vitskapleg samling). Kandidaten vil arbeida med eit forskingsprosjekt om mangfald, systematikk, fylogeni, artsdanning og historisk biogeografi av edderkoppfamilien Linyphiidae, med vekt på slekta Diplocephalus (Dvergedderkoppar).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektbeskriving

Bakgrunn: Edderkoppar er ei av dei mest mangfaldige dyregruppene, men få er kjent med prosessane som har generert eit så iaugefallande artsmangfald. Blant edderkoppar skil familien Linyphiidae (Mattevevere og Dvergedderkoppar) seg ut som ei av dei mest artsrike familiane. Dei er også spesielt diverse i kjølegare områder (f.eks. høge breiddegrader og i fjell), mens den største artsrikdommen finst i tropiske strøk. I denne samanheng er det spesielt interessant å studere rolla globale klimasvingingar påverkar diversitet og utbreiingsmønster.

Fokusgruppa for dette Ph. D. -prosjektet, slekta Diplocephalus, inneheld 58 beskrivne arter utbredd på høgare breiddegrader (bortsett frå Middelhavsregionen) i den holarktiske region, og inkluderer sannsynlegvis mange nye arter. Dvergedderkoppane er taksonomisk utfordrande og vanskelege å identifisere som dei fleste liniyfider. Somme arter er svært utbreidde, mens andre har liten og avgrensa utbreiing og ofte førekomme sameksistens av arter i slike avgrensa område. Dette gjer Diplocephalus til eit utmerka samfunn for å studere prosessane som driv fram mangfald og utbreiingsmønster for linyfide-edderkoppar og dei potensielle effektane av klimaendringar på edderkoppmangfald og utbreiing. I tillegg har hannar frå Diplocephalus-slekta artsspesifikke hovud-modifikasjonar som er involverte i paring. Liknande strukturar finst også i andre linyfider, og ein antar at dei spelar ei viktig rolle i deira diversifisering gjennom seksuell seleksjon. Likevel er det lite som er kjent om den relative viktigheita av denne prosessen på mangfalds- og utbreiingsmønstre i varierande taksonomiske og romlege skalaer.

Mål og metoder: Vi ønsker å svare på følgande spørsmål: Kor mange arter i slekta Diplocephalus fins det, og kva er deira fylogenetiske slektskap og utbreiing? Korleis påverka store historiske hendingar diversiteten av Diplocephalus og andre linyfider. Korleis bidrar ulike biogeografiske prosessar (f.eks. «vicariance» og «dispersal») til mønster av artsmangfald og «geography of speciation»? Kva er dei evolusjonære mønstera/forløpa til hannens modifikasjonar av hovud? Prosjektet vil bruke ein kombinasjon av molekylær fylogenetikk (basert på ultrakonserverte element) og morfologi for å adressere mangfaldet og utvikling av Diplocephalus. For artsbeskriving vil vi bruke banebrytande metodar som semantisk artsbeskriving.

Prosjektet vil bli rettleia av Førsteamanuensis Dimitar Dimitrov (Avdeling for Naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen) og bi-rettleia av Prof. Gustavo Hormiga (Department of Biological Sciences, The George Washington University, Washington DC), Prof. Nikolaj Scharff (Natural History Museum of Denmark, University of Copenhagen) and Prof. Henrik Glenner (Department of Biological Sciences, University of Bergen).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer ein entusiastisk og svært motivert kandidat med interesse for evolusjonsbiologi og systematikk. Tidlegare erfaring innan biosystematikk av edderkoppar og bioinformatikk er gunstig, men ikkje nødvendig, og vi oppfordrar alle kandidatar med interesse for emnet til å søke. Den utvalde søkjaren må være ein god teamarbeidar, ha evne til å arbeide sjølvstendig, og må ha gode sosiale og kommunikative evner.

Påkravd:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad (M. Sc.) eller tilsvarande utdanning i zoologi, evolusjonsbiologi eller biosystematikk, og må ha levert si masteroppgåve til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med molekylært laboratoriearbeid og fylogenetiske analysar.
  • Høve til utanlandsreiser for å utføra feltarbeid og studera biologiske samlingar ved andre institusjonar.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Føretrekte:

  • Erfaring frå ei eller fleire av følgjande område vil vere gunstig.
  • Taksonomi og systematikk av edderkoppar.
  • Bioinformatikk.
  • Molekylærdatering og biogeografiske analysar. Optisk og/eller skanning elektronmikroskopi.
  • Vitskapeleg skriving og kommunikasjon (f.eks. plakat- og munnlege presentasjonar på vitskapelege møter).
  • Feltarbeid

Om ph.d.-stilling, forsking og utdanningsopplæring:

Ph.d.-kandidaten må delta i universitetets godkjente ph.d.-program som fører til graden innanfor ein frist på 4 år (1 års pliktarbeid). Søkjar må derfor oppfylla dei formelle opptakskrava for ph.d.-programmet. Søknad om opptak til ph.d.-studiet, derunder framdriftsplan for utdanning og forsking, vil bli gjort i samen med prosjektrådgivarane. Ein endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga må godkjennast av Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet innan tre månader etter at kandidaten har begynt i stillinga. Pliktarbeidet omfattar 25 % av den totale tilsettinga og vil omfatte undervisningshjelp og kuratering av dei vitskapelege samlingane på museet. Det er ein føresetnad at kandidaten oppfyller påmeldingskrava til ph.d.-programmet ved Universitetet i Bergen. Meir informasjon er tilgjengeleg på denne koplinga.

Vi tilbyr:

  • Et godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Lønn etter lønnsteg 54 (kode 1017/Lønnramme 20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette tilsvarer ei bruttoårslønn på kr 491.200. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift).
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit motivasjonsbrev om dine forskingsinteresser og grunnar til å søke på stillinga (maksimalt ei A4-side).
  • Namn og kontaktinformasjon for to referansepersonar. Ein av disse må vere hovudrettleiar for masteroppgåva eller ansvarleg for eit forskingsprosjekt der søkaren tidlegare har hatt ei relevant deltaking.
  • CV med namn, kontaktar, kvalifikasjonar, arbeidserfaring og publikasjonsliste (dersom du har ei).
  • Karakterutskrifter og vitnemål som viser gjennomføring av bachelor- og mastergradene, eller ei stadfesting på at masteroppgåva er levert.
  • Relevante sertifikat/referansar.
  • Ei liste over eitkvart verk av vitskapeleg karakter (publikasjonsliste).
  • Søknaden og vedlegga med sertifisert oversetting til engelsk eller eit skandinavisk språk (om originalar er på eit anna språk) må lastast opp på Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Dimitar Dimitrov (Dimitar.Dimitrov@uib.no), Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må til ei kvar tid rette seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS