LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i berekningsorientert matematikk

Søknadsfrist: 01.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i berekningsorientert matematikk - VISTA Center for modeling of coupled subsurface dynamics

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i berekningsorientert matematikk. Stillinga er knytt til det nyleg etablerte VISTA Senter for modellering av kopla undergrunnsdynamikk/VISTA Center for Modeling of Coupled Subsurface Dynamics (VISTA CSD). VISTA er eit grunnleggande forskingsprogram finansiert av Equinor og Universitetet i Bergen, og gjennomført i nært samarbeid med Det Norske Videnskaps-Akademi.

VISTA CSD sitt formål er å utvikle fundamental kunnskap, og utdanne neste generasjon med forskarar til å forstå viktige dynamiske aspekt av prosessar som skjer under jordoverflata, særleg med tanke på uttak og injeksjon av fluide. Spesielt er samspelet med injeksjon og deformasjon av interesse, deriblant aktivering av forkastingar og oppsprekking av berggrunnen. Senteret sitt fokus er på kritisk kunnskap med tanke på matematisk modellering, numerisk simuleringsteknologi og dataanalyse.

Senteret vil involvere om lag 40 personar, inkludert faste vitskapeleg tilsette, forskarar, postdoktorar og ph.d.-studentar. Masterstudentar vil og vere involvert i senteraktivitetar.

Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der totalt eit år består av pliktarbeid relatert til VISTA CSD (til dømes undervisning, kommunikasjonsarbeid eller administrative oppgåver).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Som ei del av energiomstillinga, så har geotermisk energi eit stort potensiale. Vidare er CO2-lagring ein viktig teknologi for å nå null-utslipp. Desse anvendingane, saman med annan bruk av undergrunnen, er motivasjonen for å forstå porøse materiale med sprekkar i seg. Frå eit matematisk perspektiv kan sprekkar bli tilnærma av laveredimensjonale mangfoldigheiter, og resultatet er ei geometrisk beskriving som er fleirdimensjonal (det vil sei, inneheld kopla komponentar med forskjellig topologisk dimensjon).

Vi har nyleg utvikla eit funksjonalanalytisk rammeverk for å behandle fleirdimensjonale problem. Dette rammeverket har vært fundamentet for utvikling av modellar, analyse og også diskretiseringer for slike problem.

I dette prosjektet søker vi ein ph.d.-kandidat som kan kombinere innsikt frå fleire greiner av matematikken, inkludert differensialgeometri, algebraisk topologi, saman med greiner av anvendt matematikk slik som funksjonalanalyse og numerisk analyse. Målet for ph.d.—arbeidet er vidareutvikling av det matematiske fundamentet for fleirdimensjonale likningar , spesielt med tanke på relasjonen mellom fleirdimensjonale modellikningar og dei originale, ekvidimensjonalemodellikningane .

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15. desember 2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå minst ei av de følgjande greinene av matematikk er eit krav (erfaring ifrå fleire vil være ein fordel): differensialgeometri, algebraisk topologi, funksjonalanalyse, numerisk analyse.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d. stipendiat

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgivandeinstitusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.desember.2021 .
  • relevante attestar/referansar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Masteroppgåva, og eventuelle andre publikasjonar i namnet ditt som du ønske skal bli vurdert.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jan Martin Nordbotten, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: jan.nordbotten@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS