LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i Antikkens virkningshistorie

Søknadsfrist: 11.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i Antikkens virkningshistorie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Velkommen som søkjar til ei stipendiatstilling i Antikkens virkningshistorie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. Planlagd oppstart er 1. august 2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Stillinga er knytt til forskergruppa Antikkens virkningshistorie, som undersøker politiske, sosiale og religiøse aspekter ved den såkalla antikke arven.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie eller anna relevant fag. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt engelsk, skriftleg og munnleg.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det blir videre lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Doktorgradsprosjektet til søkjaren som vinn gjennom skal undersøke kva rolle antikken har spilt innanfor norsk offentlegheit etter 1814, gjerne innanfor eit eller fleire avgrensa felt, og, om relevant, også i eit komparativt perspektiv.

Sjå forskargruppa si nettside for meir informasjon om pågåande prosjekt, medlemmar og kompetansefelt

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på 501 200,- kroner brutto. Vidare opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturiste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, materialar som skal nyttast, etiske aspekt osv.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Ei gjennomtenkt framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Teemu Ryymin, e-post: Teemu.Ryymin@uib.no, telefon:. 55 58 38 79,
  • Ingvar Mæhle, e-post: ingvar.mahle@uib.no, telefon:. 92 40 07 30, eller
  • Eivind Heldaas Seland, e-post: eivind.seland@uib.no, telefon: 55 58 31 11

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS