LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (9 stillingar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 19.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (9 stillingar)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ni (9) stipendiatstillingar frå 1. februar 2022.

  • Seks (6) stillingar er opne stipendiatstillingar

Stillingane er opne for søkjarar med masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt.

Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire (4) år. Pliktarbeidet kan til dømes vera utviklingsarbeid, undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet/eininga.

Høve til 50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % stipendiatstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er seks (6) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing

Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.

Tre (3) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå forskarlina:

Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand. med. og master i odontologi samt fullført forskarlina under studiet. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet.

Dei som vert uteksaminert hausten 2021 startar i stillinga 1. februar 2022.

Dei som vert uteksaminert våren 2022 startar i stillinga 1. september 2022.

Dei som får stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Desse stipendiatstillingane medfører ikkje arbeidsplikt ved instituttet, men dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Stillingane er opne for søkjarar med profesjonsutdanning eller masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt
  • Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar ved opptak til phd-programmet

Vurdering av søkjaren

Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterier

  • Kandidat: Søkjarens kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet. Krav er fullført og godkjent mastergrad.
  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innafor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga.
  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, relevant publikasjonsaktivitet.

Opphald ved utanlandske institusjonar frå 6-12 månader vert normalt tillagt vekt. Det må gå klart fram frå prosjektomtalen korleis utanlandsopphaldet er integrert i prosjektet og gjev det ein meirverdi.

Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gjennomgå et godkjend opplegg, fastlagt i fakultetet sitt ph.d.-program, for ein doktorgrad innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønsramme 20.10) for tida kr 491 200 ved tilsetjing. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 507 600 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 534 400 ved tilsetjing
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde føljande nummererte vedlegg:

1. Søknadsbrev. Søknadsbrevet skal innehalde tittel på prosjektet og namn på rettleiarar, forskingsgruppe og instituttet der prosjektet skal gjennomførast. Her skal det òg komme fram kven som er hovudrettleiar og medrettleiar(ar). I søknadsbrevet skal det greiast ut om søkjars motivasjon til å gjennomføre eit ph.d.-løp med det aktuelle prosjektet. Du kan søkje både open og øyremerkt stilling. Dette må komme fram i søknadsbrevet.

2. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar etter mal. Prosjektskissa skal innehalde tema, problemstillingar og val av teori og metode.

3. CV: (maksimalt 3 sider) etter mal.

4. Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter av all høgare utdaning på originalspråket. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknad bør sendast så snart som mogleg når du veit du vil søkje på stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Legg ved dokumentasjon av engelsk-kunnskapar i tråd med følgjande krav.

5. Liste over eventuelle vitskapelege arbeider med en kort beskriving av innhald og eiget bidrag for kvart arbeid.

6. Eventuelle vitskapelege arbeider

7. Rettleiarerklæring (maksimalt 1 side)

8. Hovudrettleiar sin CV (maksimalt 4 sider) etter mal, med:

Kandidatproduksjon. Hovudrettleiar sin rettleiarerfaring (master- og ph.d.). Dokumentet skal innehalde ei oversikt over ph.d.- og postdoktor-kandidatar finansiert av Det medisinske fakultet som hovudrettleiar er hovudrettleiar/mentor for. Oversikta skal innehalde namn på kandidat, startdato og forventa sluttdato for alle kandidatane. Dersom du ikkje er hovudrettleiar eller mentor for kandidatar som er finansiert av Det medisinske fakultet for tida, må du opplyse om det. Det er etablert retningsliner for kor mange kandidatar av fakultetet sine rekrutteringsstillingar ein person kan rettleie samstundes.

9. Liste over hovudrettleiar sine publikasjonar siste sju år.

10. Omtale av forskingsgruppa (maksimalt 1 side).

11. Invitasjon frå utanlandsk institusjon (når eit utanlandsopphald er del av prosjektet), der det klart går fram kva oppgåver søkjar skal utføre.

12. Eventuelle andre vedlegg.

Vesentleg ny informasjon (til dømes aksept av innsendte artiklar) kan ettersendast til Eldbjorg.Sovik@uib.no fram til 3. oktober 2021.

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg og etterspurt informasjon manglar i søknaden.

Merk at kursa rettleiarkurs og Behandling av personopplysninger i medisinsk og helsefaglig forskning er obligatoriske for alle rettleiarar og mentorar ved Det medisinske fakultet og må være gjennomført før opptak.

Andre opplysningar:

Hovudrettleiar må ha hovudstilling ved Det medisinske fakultet. Unntak kan bli gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet. Hovudrettleiar må vere tilsett ved fakultetet i heile stipendperioden. Unntaksvis kan det gjerast fråvik frå regelen om tilsetjing i heile perioden, men då må ein gjere greie for korleis rettleiinga skal ivaretakast av ein anna person tilsett ved fakultetet.

Berre ein søknad vil bli evaluert frå kvar hovudrettleiar innan kvar søknadskategori stipendiat og postdoktor.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske høve kan du få ved å vende deg til:

  • Rådgjevar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik (e-post: eldbjorg.sovik@uib.no , telefon: 55 58 61 42)

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forsking Marit Bakke (e-post: marit.bakke@uib.no , telefon: 55 58 60 14).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS