Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (4 år) - Nanomedisinsk forskingsgruppe

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til senter for farmasi, og Nanomedisinsk forskingsgruppe og forskingsprosjektet «nye behandlingar av myeloide kreftformer». Stillinga er finansiert av UiB.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Hovudmål er å nytta sebrafisk-larver som eit verkty for å utvikla betre behandlingar av myeloide kreftformer.
  • Ein sentral del av arbeidet vil vera å transplantera sebrafisk-larver med cellelinjer og primære celler frå myeloide kreftformer, og å evaluera utvikling av kreft, samt effekt og eventuelt toksisitet av behandling.
  • Prosjektet går også ut på å utvikla nye nanoformuleringar for levering av cellegift til leukemicellene, utan at normale celler vert påverkja, og å studera anti-leukemisk aktivitet til nye molekyl.
  • Personen som vert tilsett skal også delta i undervisning og andre arbeidsoppgåver ved Senter for Farmasi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i farmasi, men personar med master innan cellebiologi, molekylærbiologi, nanomedisin, eller tilsvarande vert også oppmoda til å søka. Mastergrad i farmasi er ei føremun, då personen også skal ta del i undervisninga i farmakologi for farmasøytar.
  • Erfaring med cellebiologsk arbeid, mellom anna kreftcellelinjer og primære celler er naudsynt. Bakgrunn innan ulike mikroskopi-teknikkar er også relevant.
  • Det er ei føremun med erfaring innan produksjon og analyser av ulike nanoformuleringar, særskilt liposomale formuleringar av ulike anti-cancer legemiddel
  • Erfaring med arbeid med sebrafisk-larver vil telja positivt.
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gåinn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagtearbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal veregodkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-programer ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn einåremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom dutidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er tilvanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56,for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje
  • stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelskeller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-tilengelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vertoppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplegestillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje

å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS