Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat (4 år)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. Stillinga er knytt til laboratoriet til professor Emmet McCormack og er ein del av NFR-prosjektet kalt AMIDE (Animal Model for evaluering av innovativ immunterapi DEsigns). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Vi søker ein motivert kandidat. Som doktorgradskandidat vil du vere ein del av eit tverrfagleg nasjonalt og internasjonalt forskingsteam med fokus på den prekliniske utviklinga av ein ny immunterapi for fast kreft og hematologiske maligniteter. Startdato i stillinga er 1. januar 2022.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Kandidaten vil ha ansvar for utvikling og karakterisering av ein ny dyremodell, samt vere involvert i den prekliniske evalueringa av nye kimære antigenreseptorer (CAR T) T -celleterapiar.
Bidra til isolering av primære celler
Analyse av forskingsdata
Skrive artiklar og publisere resultat i internasjonale vitskaplege tidsskrifter med fagfellevurdering
Delta i kvalitetssikring, vedlikehald, analyse og lagring av data
Formidle resultata i akademiske kanalar og i populærpressen
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i biovitskap (biologi, biokjemi, biomedisinsk forsking eller lignande).
Ha god erfaring med å arbeide med dyr og ha FELASA -godkjenning.
Ha bestått emnet “blodprøvetaking og håndtering av prøvene”.
Ha erfaring med PDX -etablering, inkludert injeksjonsmetodar som IV, S.C og oral sonde.
Ha erfaring med in vivo avbildingsteknikkar som fluorescens og PET/CT -avbilding.
Ha erfaring med avansert primærcellekultur (isolering og utviding av T -celle).
Ha kunnskap og praksis om molekylærbiologiske teknikkar (kloning, PCR, CRISPR/CRISPRi genmålretting, sekvensanalyse).
Ha øvelse i grunnleggande analytiske biokjemiteknikkar (western blots, proteinanalyse), og erfaring med immunologiske metoder (f.eks. Elisa).
Ha erfaring med fleirfarget flowcytometri og immunfluorescensfarging.
Ha erfaring med databehandling og statistikk, inkludert relevante statistiske programmar.
Erfaring frå relevante forskingsprosjekter vil verte sett på som positivt
Kandidaten må vere i stand til å jobbe sjølvstendig på ein strukturert måte, men også ha teamåndsevne til å samarbeide med lagkameratar og samarbeidspartnarar.
Kandidaten må beherske engelsk munnleg og skriftleg.
Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 491 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 507 600, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 534 400
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.