LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (4 år) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 20.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (4år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er ei doktorgradsstilling (100%) tilgjengelig i en periode på fire (4) år. Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til Start Grant-programmet finansiert av Trond Mohn Foundation. Prosjektet har tittelen ''Immunstyrt vevsregenerering'', som er finansiert av Universitetet i Bergen

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Dette prosjektet er retta mot å vise kor viktig immuncellene, og det mikromiljøet dei vert utsett for, er for å gjennomføre vellykka beinvevregenerasjon. Transplanterte mesenkymale stamceller (MSC) støter på eit utal synkroniserte interaksjoner med mottakaren sitt immunsystem, og desse cellulære interaksjonane som påverkar effekten av stamcellebehandling er stort sett ikkje utforska. Ny forsking antydar at adaptiv immunitet spelar ei viktig rolle i denne prosessen, og den treng å bli forstått for å kunne betre effekta av beinregenereringa. Ein bestemt delmengde av den adaptive immuniteten kalt regulatoriske T-lymfocytter (Treg) har eit kritisk potensial for endogen regenerering, som ennå er uutforska. Denne funksjonelle kommunikasjonen mellom dei implanterte mesenkymale stamcellene og Treg vil bli brukt til å fremje gjeldande stamcelleekspansjonsforhold og til å designe neste generasjon sine regenerative terapiar.

Prosjektet vil bli utvikla med nasjonale og internasjonale akademiske samarbeidspartnarar og består av ei rekke aktivitetar som fokuserer på følgjande forskningstemaer:

  • skilje ut og identifisere det molekylære samspelet mellom mesenkymale stamceller og immunceller i beinvevregenerasjon
  • undersøkje dei funksjonelle effektane av Treg på eksisterande MSC-ekspansjonsmetodar, immunologi, regenerativ medisin, celle-/stamcellebiologi, biomedisin eller tilsvarande områder
  • erfaring frå relevante forskningsprosjekt vil telje positivt
  • søkjarar med mykje erfaring frå laboratorier innan molelylærbiologi, celleimmunologi (særleg isolering og ekspansjon av regulatoriske T-lymforcyttar ), flow og massecytometri, cellekulturar og analyse og/eller dyremodellar er oppmoda om å søkje
  • utvikle smådyrmodellar og humaniserte immunsystem-musemodellar for å studera virkninga av immunceller på transplanterte MSC-konstruksjonar
  • undersøkje bruken av funksjonaliserte, implanterbare stillaser for å drive immunmediert beinregenerering

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i immunologi, regenerativ medisin, celle-/stamcellebiologi, biomedisin eller tilsvarande områder
  • erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • søkjarar med mykje erfaring frå laboratorier innan molelylærbiologi, celleimmunologi (særleg isolering og ekspansjon av regulatoriske T lymforcyttar), flow og massecytometri, cellekulturar og analyse og/eller dyremodellar er oppmoda om å søkje
  • i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå krav om engelsk-kunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkjetilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 482 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 498 800, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 526 000
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • ode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS