LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (4 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist: 14.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (4 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), ved fagområdet Samfunnsmedisin, arbeids- og miljømedisin, helseleiing (SAMLET), er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til prosjektet: “Integration as a way to reducing health inequities among forced migrants: A collaborative and knowledge building project” («Integrering for helse blant innvandrere»), finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet «Integrering for helse blant innvandrere»

Helsepersonell med innvandrarbakgrunn, spesielt flyktningar, må ofte vente lenge for å få utdanninga godkjend, og i mange tilfeller får dei aldri godkjenninga på grunn av administrative barrierer. Samtidig manglar helsesektoren i Noreg fullt ut tilstrekkeleg kulturell kompetanse, og studentane får sjeldent nok eksponering for kulturelt mangfold og opplæring om likeverdige tenester som ein del av utdanninga. Inkludering er ein sentral europeisk politisk prioritet, og dei nye nasjonale læreplanforskriftene for norsk helse- og velferdsopplæring forplikter utdanningsinstitusjonar til å inkludere kulturell kompetanse i sine program. For å løyse desse utfordringane er Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet engasjert i å auke mangfoldet blant lærarar og studenter og betre kompetansen på området. Likevel er det korkje ein klår strategi eller tilgjengeleg evidens på korleis denne inkluderinga kan påverke migrantar, familiane deira eller institusjonane sjølv.

Denne studien vil testen hypotesen om at tilhøvet mellom helse og integrering er sirkulært snarare enn lineært og at ei meningsfylt integrering i arbeidsmarknaden kan væra nøkkelen til å betre helse og velvære for innvandrarar. Vår studie vil bygge på det pågående samarbeidet på tvers av institusjonar med forskjellige roller, kompetanser og kapasiteter, inkludert migrantar sjølv, for å få ei betre forståing av dei komplekse interaksjonane mellom helse og integrering. Vi vil òg samarbeide for å produsere, gjennomføre og evaluere ein innovativ intervensjon om integrering av innvandrarar med helsebakgrunn i norske akademiske institusjonar. Framlegget vårt er dermed ein potensiell drivar for ytterlegare tiltak som fremmer velferd, helse og integrering av migrantar.

Primære og sekundære mål

Dette prosjektet har to hovudmål: For det første, å studere den komplekse utviklinga av integrering og helse i eit nytt heimland blant flyktningar i eit livsløp-perspektiv ved hjelp av både kvantitative og kvalitative metodar. For det andre, å studere effekten av ein innovativ arbeidsrelatert intervensjon på helse og integrering av helsepersonell med innvandrarbakgrunn, samt verknaden på familiane deira og institusjonane som opnar dørene for denne gruppa.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Denne Ph.d.-stillinga vil spesifikt jobbe med den siste delen av prosjektet: «Inklusjon av innvandrarar med helsebakgrunn i relevante utdanningsaktiviteter. Ein intervensjon». Hovedrettleiar blir professor Esperanza Diaz ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Arbeidsstad er Alrek helseklynge ved Universitetet i Bergen.

Hovudmålet med denne delstudien er å finne ut av effekten av ein intervensjon om integrering i høgare helseutdanning av innvandrarar som sjølv har helseutdanning frå før som ikkje er godkjend i Noreg. Effekten av intervensjonen om innvandrarens eiga helse og helsa til familiane deira samt implikasjonane for dei helseinstitusjonane som inkluderer dei gjennom intervensjonen, vil bli målt. Ph.d.-kandidaten vil jobbe tett med seniorforskarar ved prosjektet, ein annan Ph.d.-kandidat og ein postdoktor ved same studie. Jobben inkluderer òg samarbeid med mellom anna Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Bergen kommune og Caritas Bergen.

I samarbeid med prosjektgruppa vil hovudarbeidsoppgåvene vere å:

  • Utvikle og gjennomføre ein integreringsintervensjon
  • Rekruttering av deltakarane
  • Organisering av innhenting av kvantitative data for å måle effekten om helse
  • Intervjue deltakarane i intervensjonen
  • Utføre statistiske analysar og analyse av kvalitative data
  • Skrive akademiske artiklar og rapportar
  • Formidle resultata til beslutningstakarar og andre interessentar
  • Undervise studentar i faget migrasjon og helse ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført lege- eller psykologutdaning, eller ha mastergrad eller tilsvarande innanfor innvandrarhelse, folkehelse, helsefremjande arbeid eller internasjonal helse.
  • Søkjar skal kunne arbeide sjølvstendig på ein strukturert måte, og ha evne til å samarbeide med andre
  • Søkjar må ha gode ferdigheiter i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg – sjå dokumentasjonskrav
  • Andre språk vil verte sett på som positivt
  • Erfaring frå relevante prosjekt, spesielt forskingsprosjekt om migrantar og integrering vil verte prioritert
  • Erfaring med utvikling og organisering av intervensjonar og kurs vil verte sett på som positivt, spesielt opplegg organisert for/saman med migrantar
  • Vitskaplege publikasjonar og/eller annan fagleg formidling relatert til innvandrarar vil bli vektlagt.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensial vil òg telje når ein vurderar søkjarane.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 491 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 507 600, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 534 400.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • et forslag på maks to sider som tar utgangspunkt i prosjektbeskrivelsen for studien og greier ut om korleis søkjaren kunne tenke seg å utvikle og gjennomføre intervensjonen. Denne utgreiinga vil ikkje være den endelige intervensjonen, som skal utviklast med prosjektgruppa, men berre bli brukt for vurdering av kandidatene.
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • hvis ikkje studert i Norge, dokumentasjon av norsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar med deg som forfattar eller medforfattar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS