Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan fagområde sjukepleie
Søknadsfrist: 28.10.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Førsteamanuensis/Førstelektor/Høgskulelektor
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, campus Førde, er det ledig inntil tre 100 % faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde sjukepleie.
Stillingane er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse og omsorgsvitskap, fagseksjon bachelor sjukepleie, campus Førde.
Campus Førde tilbyr bachelorstudium i sjukepleie, masterstudium i anestesi- og intensivsjukepleie i samarbeid med Campus Haugesund og Campus Bergen, og masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester. Vi tilbyr også vidareutdanningar på områda: psykisk helsearbeid, psykososialt arbeid med barn og unge, akuttsjukepleie, aldring og eldreomsorg, rettleiing og lindrande behandling, pleie og omsorg.
Ein må på rekne arbeidsoppgåver innanfor fleire område av sjukepleie- og helsefag. Ved tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor vil det til stillinga også ligge oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp. Det er ønskjeleg at søkjaren presentere sine forskingsinteresser i søknaden.
Arbeidstad er campus Førde.
Ansvars- og arbeidsområde:
Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområda; spesialisthelsetenesta (akutt/kritisk sjukdom), psykisk helse eller kommunal helseteneste. Samt emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde spesialisthelsetenesta og/eller kommunehelsetenesta
Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonaler
For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, innan sjukepleie. For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet og profesjonskompetanse
Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse innan fagområde akutt/kritisk sjukdom, psykisk helse eller kommunal helseteneste.
Undervisningsspråket er norsk og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk
God IKT-kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.