Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Sjukepleiar
Ved Det medisinske fakultetet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei 100 % vikarstilling som sjukepleiar ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin. Andre prosenter kan vurderes. Tilsetjing kan skje så snart som mogleg, og stillinga varer fram til 19. desember 2025, med moglegheit for forlenging. Seksjon for oral kirurgi og oral medisin utdannar både tannlegar og spesialistar.
Me har eit dynamisk og aktivt miljø, og i tillegg til undervisning driv me også med forsking, bla på bruk av stamceller for å bygge kjevebein. Arbeidsmiljøet er godt.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)
Arbeidsoppgåver:
Ta del i operasjonsverksemd og poliklinisk verksemd i studentklinikken og spesialistklinikken
Omsorg for pasientar
Rettleiing og undervisning av tannlegestudentar, tannpleiarar og spesialistkandidatar
Ved behov delta i drifta av seksjonens sterilsentral
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, gjerne operasjonssjukepleiar
Erfaring frå undervisning/veiledning er ønskjeleg
For søkjarar utan spesialutdanning vert det kravd relevant erfaring
Erfaring med verksemd innan oral kirurgi/kjevekirurgi er ein føremon
Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk
Vi søkjer ein person som
Er fleksibel og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er positiv og engasjert
Kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Liker å delta i undervisning
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 630 000 – 665 000 (kode 807) i lønsregulativet i staten For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
Dersom annen prosent ønskes oppgi dette i søknad
Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis, Cecilie Gjerde, Seksjon for Oral Kirurgi og Oral Medisin e-post: cecilie.gjerde@uib.no
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk Odontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.
Universitetet i Bergen nyttar utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken ”Søk stillinga” på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.