LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 10.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Stipendiat (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”ProBND - Prediksjon og forebygging av hjerneskade hos nyfødte”, finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet er basert på analyser av data frå Norske helseregistre og frå Den norske mor-, far- og barn-undersøkelsen.
  • Analysearbeidet vil nytta registerdata som inneheld informasjon om familierelasjonar.
  • Data frå Den norske mor-, far- og barn-undersøkelsen vil inneholde genotyper og informasjon om epigenetikk
  • Stipendiaten skal delta i PhD-programmet ved fakultetet https://www.uib.no/med/63778/phd-programmet-ved-det-medisinske-fakultet
  • Det vert forventa at stipendiaten kan sette seg inn i forskingsfeltet og datakjeldene og forstå dei relevante problemstillingane

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i medisin, helsefag, statistikk eller tilsvarande metodeorienterte fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • Vilje og evne til å elta i analyse av store datasett med egna programvare vil være en fordel
  • Kunnskap om og interesse for epidemiologi og genetikk vil vere ein fordel
  • Relevant klinisk erfaring frå pediatri, psykiatri, obstetrikk eller nevrologi vil telje positivt
  • Kunnskap om det norske helsesystemet og opphavet til datakjeldene vil telje positivt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • God skriftleg og munnleg, sjå dokumentasjonskrav
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt vert vektlagt
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

For stillinga gjeldt følgande:

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB

Sjå krav om engelsk-kunnskapar.

Forskarutdanning (Ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59) 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her  for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS