LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i sedimentær geologi

Søknadsfrist: 01.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i sedimentær geologi – sedimentologisk kontroll på danning av klorittbelegg i sandsteinsreservoar (DeepReservoir).

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i sedimentær geologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er knytt til prosjektet DeepReservoir: Predicting reservoir properties in deep structures on the Norwegian Continental Shelf: The critical role of chlorite-coats ved universiteta i Bergen og Oslo, og er finansiert av Norges Forskningsråd, Equinor og AkerBP.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det viktigaste målet for DeepReservoir-prosjektet er å forstå faktorane som kontrollerer danning av porøsitetsbevarande belegg av mineralet kloritt på kvartskorn i sandsteinsreservoar. Dette er viktig, fyst og fremst fordi klorittbelegg bevarer reservoaregeigenskapar i djupe (3-6 km) reservoar. Dette er kritisk for infrastrukturleia leiting etter hydrokarbon. Det er for tida ingen måte å vurdere sannsyn for gode klorittbelegg i strukturar som ikkje har blitt penetrert av leitebrønnar, noko som gjer djupe prospekt risikable. For det andre fører kloritt i reservoar til effektiv mineralisering av CO2. Denne effekten vil være viktig for storskala CO2-lagring, men vi vet for tida lite om distribusjon av kloritt i underjordiske reservoarbergartar.

Hovudmåla for dette ph.d.-prosjektet er å undersøke sedimentologisk kontroll på danning av klorittbelegg på kvartskorn i underjordiske reservoar, og gje sedimentologisk kompetanse og vurdering til prosjektgruppa. Spesifikt vil ph.d.-prosjektet bestå av 1) analyse av Tiljeformasjonen utanfor Midt-Norge med tanke på sedimentologi og kjelde-til-basseng-forståing gjennom analyse av kjerne-, brønn-, 2D-seismikk- og 3D-seismiske data, 2) analyse av Ostreaelvformasjonen på Jameson Land på Aust-Grønland gjennom to feltekspedisjonar i 2023 og 2024 ved bruk av blotningsdata, 3) samarbeid med prosjektgruppa som har ekspertise i modellering, petrologi, dataintegrasjon og geofysikk, og 4) skriving av fagfellevurderte vitskaplege artiklar om sedimentologi på dei studerte formasjonane og sedimentologiske kontrollar på klorittbelegg. Kandidaten vil jobbe tett med industripartnarane.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i sedimentær geovitskap som er relevant for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring innan sedimentologi er eit krav.
  • Erfaring med sedimentologisk feltarbeid er eit krav.
  • Kandidaten må være villig til og i stand til å drive teltbasert feltarbeid på Aust-Grønland saman med prosjektgruppa.
  • Erfaring med tolkning av kjerne- og loggdata er ein føremon.
  • Erfaring med grunnmarine avsetningar er ein føremon.
  • Erfaring med seismisk tolkning (helst med Petrel) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Christian Haug Eide, Christian.Eide@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS