LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.- stipendiat i planteøkologi

Søknadsfrist: 09.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i planteøkologi

Ved Institutt for biovitskap er det ei ledig stilling som ph.d.-stipendiat i planteøkologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år med høve til eit fjerde år med pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsprosjektet, “RangeX - Mechanisms underlying the success and impacts on biodiversity and ecosystem functioning of range-expanding species under climate change» finansiert av BiodivERsA COFUND-utlysing på "Biodiversity and Climate Change» (EU). Prosjektkonsortiet har partnarar frå Chile, Danmark, Frankrike, Tyskland, Norge, Sør-Afrika, Sverige, Sveits, og vi vil arbeide tett med kollegaer frå det globale Mountain Invasion Research Network (MIREN).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Global oppvarming og biologiske invasjonar fører til endringar i dei geografiske utbreiingane til stadeigne så vel som framande artar. Mange av desse artane spreier seg no opp i fjellet og nordover i landet. Ettersom artar flytter seg med forskjellig rate, endrast óg samansetninga av økologiske samfunn. Desse samfunnsendringane kan påverke biologisk mangfald, økosystemets funksjon og naturens evne til å levere naturgode og økosystemtenester. Spesielt kan endringar i interaksjonar mellom artar vere viktige for effektar av klimaoppvarming på biologisk mangfald, og på viktige økosystemfunksjonar som karbonlagring og pollinering, noko som igjen kan gi tilbakekopling til klimaendringane.

RangeX forskar på prosessar og effektar av planter som breier seg til nye område nordover og opp i fjellet etter som klimaet blir varmare. Denne kunnskapen bidreg til kunnskapsbasert naturforvalting i eit klima i endring.

Prosjektet stiller desse spørsmåla:

1. Kva prosessar forklarer variasjon i planteartar si evne til å spreie seg til nye område når klimaet vert varmare?

2. Korleis påverkar nye artar biologisk mangfald, viktige økosystemfunksjonar, og økosystema si tilbakekoplingar til eit endra klima?

3. Kan vi forutseie kva artar som er mest / minst i stand til spreie seg til nye område under eit varmare klima, og kva artar som har størst / minst effekt på ulike prosessar i økosystemet?

4. Kan betre økologisk forståing av endring i utbreiing brukast til å utvikle betre politikk for å forvalte naturmangfald i eit endra klima?

Stipendiaten vil arbeide særleg med spørsmål 1, 2 og 3.

Stipendiaten vil:

  • Ha ansvar for ein norsk lokalitet av eit replisert klima- og utbreiingsendringseksperiment, og samle data på plante- og økosystemeffektar.
  • Leie skriving av 2-3 vitskaplege artiklar basert på dette eksperimentet, og skrive ei PhD-avhandling basert på resultata.
  • Samarbeide med det internasjonale teamet i RangeX om å samle jord- og pollinator-data, og om vitskaplege artiklar og syntese basert på data frå dei nasjonale eksperimenta.
  • Ha høve til å samhandle med partnarar i det internasjonale konsortiet og samfunnsaktørar om å samanstille forvaltningsrelevant informasjon om endringar i utbreiingar under klimaendringar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i planteøkologi eller anna relevant fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God fagleg bakgrunn i plantesamfunnsøkologi, planteøkofysiologi, framande planteartar sin økologi, funksjonell økologi, alpine økosystem og/eller økologiske effektar av klima og miljøendringar er eit krav.
  • Erfaring med økologisk feltarbeid er eit krav.
  • Relevant statistisk eller modelleringsbakgrunn, evne til kritisk tenking og gode skriveferdigheiter er eit krav.
  • Erfaring med relevante analyser eller modellering, feltmetodar, plantefunksjonelle trekk, og å identifisere skandinaviske fjellplantar er ein føremon.
  • Søkjarar bør ha gode feltferdigheiter og setje pris på feltarbeid i avsidesliggande fjellstrøk. Feltarbeid er eit lagarbeid og du må vere førebudd på å hjelpe andre med deira prosjekt i tillegg til å jobbe med eiga forsking.
  • Førarkort og høve til å utføre feltarbeid i alpine områder er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidseigenskapar, samt ha evne til kritisk og sjølvstendig tenking.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d-stipendiat: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 501 200 (tilsvarande lønstrin 54). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev med utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • ei kortfatta forskingsskisse (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine interesser og planar for doktorgradsarbeidet i RangeX innanfor den utlyste stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden, må du levere ei stadfesting på at masteroppgåva er levert.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet.
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Masteroppgåve og eventuelle manuskript eller publikasjonar (som vedlegg).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg:

  • Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen (vigdis.vandvik@uib.no, +4747301794)

For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS