LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d. Stipendiat i parasitologi / immunologi

Søknadsfrist: 01.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i parasitologi/immunologi.

Ved institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i molekylær parasitologi og fiskeimmunologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og knytt til dei eksternfinansierte FHF-prosjekta «SaliVax» og «SaliFilaVax»

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Lakselus er i dag hovudutfordringa til laksenæringa, då den gjev dårlegare levekår både for vill og oppdrettet laksefisk. Prosjektet skal sjå nærmare på vert-parasitt interaksjonen mellom laks og lakselus, der lakselusa sitt kjertelsekret vil vere eit sentralt tema. Vi har i mange år karakterisert ei rekkje protein som ser ut til å vere viktig i lakselus-laks interaksjonen, blant anna ved å dempe immunresponsar og blodkoagulering i verten. Hovudmålet med ph.d.- prosjektet er å undersøkje om det er mogleg å nytte desse proteina inn i ei DNA-vaksine mot lakselus. I tillegg til å teste DNA vaksina sitt potensiale til å hindre lusepåslag, skal nye konstruktar samt nye injeksjonsmetoder bli prøvd ut for å teste om dette kan auke den mukosale immunresponsen. Prosjektet vil dermed ikkje berre verte retta mot lakselus, men har eit potensiale til å kunne auke kunnskapen generelt rundt bruken av DNA-vaksiner mot mukosale patogener. Stipendiaten vil tilhøyre forskingsgruppa Lakselussenteret, der vi er mange med lang og brei erfaring med lakselus.

Meir informasjon om prosjektet SaliVax og SaliFilaVax finn du her: 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fiskehelse, molekylærbiologi, bioteknologi eller biologi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 01.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå molekylærbiologisk laboratoriearbeid er eit krav.
  • Erfaring med kloning og sekvensering, vaksiner og immunologi, fisk og/eller lus er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. 

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) i samsvar med det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 532 200 (tilsvarende lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.07.2024.
  • Relevante attestar.
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.n

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS