LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.- Stipendiat i miljøtoksikologi hos sjøpattedyr

Søknadsfrist: 31.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i miljøtoksikologi hos sjøpattedyr

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i miljøtoksikologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til NFR-prosjektet "Whales and polar bear in a petri dish: decoding marine mammal toxicology through in vitro and in silico approaches", og er finansiert av UiB.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med dette spennande prosjektet er å etablere grunnleggjande kunnskap om sjøpattedyra sine toksikologiske forsvarssystem gjennom å karakterisere funksjonelle eigenskapar til dei molekylære komponentane i dette systemet, samt cellulære responsar i cellekulturar frå ulike arter sjøpattedyr. Det er også eit mål å integrere bioinformatiske analysar av genom- og transkriptom-data med tilgjengelege rapportar om genuttrykk i biopsiar frå sjøpattedyr i naturen. Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet, er knytt til Senter for Digitalt Liv Norge og har ni partnarar til saman i Noreg, Spania, Portugal og USA.

Arbeidsoppgåvene til stipendiaten vil dreie seg om å etablere cellekulturar frå biopsiar av utvalde arter sjøpattedyr, cellebiologiske eksperiment med reprogrammering og differensiering, toksikologiske eksponeringsstudiar, og analyser av ulike molekylære og cellulære endepunkt med avanserte metodar.

Vi søkjer ein særs motivert kandidat som meistrar relevante teknologiar på eit teoretisk såvel som praktisk nivå. Stillinga vil medføre noko reising både nasjonalt og internasjonalt, der eit utanlandsopphald vil vere aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i miljøtoksikologi, cellebiologi, molekylærbiologi eller anna relevant fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.08.2023. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå cellebiologisk og molekylærbiologisk arbeid er eit krav.
  • Erfaring frå miljøtoksikologiske studiar og arbeid med sjøpattedyrceller er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 18.08.2023.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS