Ph.d.-Stipendiat i Metallorganisk Kjemi og Radiokjemi
Søknadsfrist: 17.05.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-Stipendiat i Metallorganisk Kjemi og Radiokjemi
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat innan metallorganisk kjemi for utvikling av nye radiofarmasøytika for PET-avbileting. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom forskingsgrupper ved Kjemisk institutt og med mogeleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Kandidaten som vert tilsett, vil verte en del av ei tverrfagleg forskingsgruppe som arbeider i grenseflata mellom molekylær metallorganisk og radiofarmasøytisk kjemi, med hovudmålsetjing å utvikle, optimere og syntetisere molekylære kompleks av radiometall immobilisert på peptid eller protein, for bruk i PET-avbileting i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Prosjektet involverer optimalisering av fangstmetodikk for overgangsmetallbaserte radio-tracere, og forbetre deira hydrolytiske stabilitet i polare medier som er kompatible med in vivo forhold.
Dei eksperimentelle undersøkingane vil også omfatte design og syntese av funksjonaliserte multidentate ligandar (kjelat) for effektiv innfanging av radiometallatom og påfølgande immobilisering på peptid eller protein.
Kandidaten som vert tilsett, vil få høve utvikle ferdigheter som medveiledar av bachelor- og master-studentar knytt til same prosjekt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må ha solid bakgrunn frå molekylær metallorganisk kjemi, med vekt på syntese og val av eksperimentelle vilkår. Kandidatane må spesifisere og dokumentere relevant erfaring innan syntese av molekylære overgangsmetallkompleks.
Det er ein føremon om må kandidaten har god forståing av prinsippa for PET-avbileting.
Det er eit krav om solid erfaring med standard teknikkar for strukturkarakterisering, slik som avanserte NMR-spektroskopiske metodar, HPLC og massespektrometri. Kandidatane må spesifisere og dokumentere nivået sitt av relevant erfaring innan kvar karakteriseringsteknikk i søknaden sin.
Erfaring med organisk syntese, og spesielt syntese av kjelat, er ein føremon.
Erfaring med andre analyseteknikkar som IR, GC og elementanalyse, er ein føremon.
Hen som vert tilsett må ha:
Gode evner til kritisk tenking og skriving.
Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
Gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial for vitskapleg karriere vil også bli vurdert og gitt betydeleg vekt.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar (inkludert gode kunnskaper i norsk) og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Førsteamanuensis Erwan Le Roux eller instituttleiar Knut Børve, begge ved Kjemisk institutt, med epostadresser Erwan.LeRoux@uib.no. og Knut.Borve@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.