Ph.d.- stipendiat i kjemometri / multivariat data-analyse
Søknadsfrist: 17.05.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.- stipendiat i kjemometri/multivariat data-analyse
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kjemometri/multivariat data-analyse, med bruksområde innan medisinsk teknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning ved instituttet). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Arbeidsstaden for denne stillinga er forskingsgruppa for kjemisk medisinsk teknologi ved Kjemisk institutt. Forskningsgruppa fokuserer på forbetring av terapeutiske og diagnostiske metodar ut frå grunnleggjande innsikt i strukturar og prosessar på det molekylære nivået. Prosjektet er eit samarbeid med forskingsgruppa for presisjonsonkologi ved Klinisk institutt 2, og noko av arbeidstida vil derfor vere på Haukeland universitetssjukehus.
Tradisjonelt i tidleg utviklingsfase for nye anti-kreft middel skjer utsiling (på engelsk: screening) av aktuelle kandidatar ved å analysere effekten som dei har på kjente kreftcellelinjer som finst i flate (2D) cellekulturar. Denne metoden for utsiling fungerer som ei første evaluering av styrken til det einskilde reagenset, men han er mindre eigna til å avsløre presise verkemekanismar og detaljerte effektar. CyTOF er ein ny metode som kan gi denne meir detaljerte innsikta, ved å kombinere kjemisk merking av multiple utvalde cellulære komponentar på og inni einskildceller, fulgt av kvantitative målingar ved massecytometri. Metoden er relativt kompleks og medfører behov for subjektiv tolkning. Det er derfor eit stort behov for utvikling og implementering av effektive algoritmar for dataanalyse.
Den ledige stillinga er knytt til utvikling og bruk av metodikk for multivariat analyse av data i to ulike, men relaterte samanhengar:
Å utvikle metodar og nytte multivariate (kjemometriske) teknikkar for analyse og tolking av data frå CyTOF-målingar,
Å utvikle og bruke dataanalytiske metodar for automatisk optimering av reaksjonsvilkår på basis av kjemiske analysar av produktblandinga. Dette arbeidet er knytt til ein automatisert parallell syntese- og analyseplattform (på engelsk: high-throughput experimentation, HTE@UiB), som Kjemisk institutt nyleg har etablert.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller liknande fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må ha solid bakgrunn i analyse av data frå analytisk instrumentering samt ha gjennomført med godkjent resultat universitetskurs i multivariat dataanalyse (t.d. kjemometri, statistikk, maskinlæring).
Erfaring i programmering i språk som til dømes MATLAB, R eller Python er eit krav.
Det er ein føremon å ha erfaring i eksperimentelt arbeid utover grunnutdanning .
Det er ein føremon å ha gode norskkunnskapar.
Personen som vert tilsett må ha
Gode evner til kritisk tenking og skriving.
Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
Gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og forskarpotensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar (inkludert gode kunnskaper i norsk) og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Bjørn Grung eller instituttleiar Knut Børve, begge ved Kjemisk institutt, med epostadresser Bjorn.Grung@uib.no og Knut.Borve@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.