Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i didaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, og 150 tilsette frå over 30 land, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Potensielle tema til prosjektet vil relatere seg til spørsmål om rettferd og mangfald i høgare utdanning innan informatikk, med sikte på å identifisere undervisningspraksis som bidrar til inkludering i informatikkutdanning ved UiB. Denne stillinga vil tilhøyre den didaktiske forskingsgruppa ved Institutt for informatikk, med ein bi-rettleiar frå Institutt for pedagogikk. Didaktikkgruppa med sine fire faste tilsette er det siste tilskotet til avdelinga si portefølje. Du vil bli med ein ph.d.-kandidat som blei tilsett i 2022, og vi forventar å lyse ut ytterlegare to stillingar i løpet av dei neste åra. Undervisningsansvaret i gruppa omfattar nokre av dei største emna ved UiB, som Introduksjon til programmering, som blir tatt av alle studentar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Emnet har 600-800 studentar kvart semester, med om lag 50 gruppeleiarar frå tidlegare semester som tar ein viktig del i undervisningsaktivitetane. Hyppigheita av dette kurset, og talet studentar som er involverte gjer gode moglegheiter for empirisk forsking med fokus på rettferd i utdanning.
Nokre døme på avhandlingsemne er lista opp nedanfor, andre relaterte tema innan dette interesseområdet er hjarteleg velkomne!
Analyse av verknaden av vurderingsdesign med omsyn til kjønnsskilnader i eksamensprestasjonar, erfaringar med studiar og tilhøyrsle med faget i IKT-utdanninga.
Korleis påverkar forskjellar (t.d. alder, etnisitet, seksualitet, kjønnsidentitet, klasse eller sosioøkonomisk status og/eller familieerfaring med høgare utdanning) opplevingar og resultat av å delta i spesifikke undervisings- og læringsaktivitetar eller vurderingar.
Kjønnsforskjellar i undervisningspraksis til gruppeleiarane og interaksjonar i instruksjonsteam.
Tilgjengelegheit og universell utforming for læring i informatikk.
Undersøking og/eller komparativ analyse av inkluderande undervisningspraksis i høgare utdanning i informatikk i Noreg/Skandinavia.
Undersøking av andre rettferdsspørsmål i instruksjon, til dømes materiell-strukturell tilgang til maskiner/laboratorieopplegg, instruksjonskultur eller skjult pensum i informatikkundervisning.
Alle tilsette er forventa å bidra til framifrå forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet. Alle stipendiatar ved Institutt for informatikk er medlemmar av IKT-forskarskolen som tilbyr moglegheiter til å møta andre stipendiatar på tvers av forskingsretningane til instituttet. Skolen har årsmøte, månadlege lunsjar og tilbyr kurs om vitskapleg skriving og forskingssøknader. Stipendiaten vil òg vera tilknytt Forskerskolen for utdanningsforskning på Vestlandet (WNGER II), som tilbyr doktorgradskurs, sommarskular og andre aktivitetar, og moglegheit til å byggje nettverk med andre doktorgradsforskarar med fokus på fleire område innan pedagogikk og utdanningsforsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i anten informatikk, eit relatert naturvitskap felt eller eit felt tilhøyrande pedagogikk i STEM-faga (Science Technology Engineering Maths). Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30. April 2023. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Solid erfaring med eit programmeringsspråk er eit krav. Dette kan demonstrerast gjennom: kurs fullført på bachelor-nivå, relevant arbeidserfaring, kode som er skrevet for forskinga di, eller erfaring med å instruera programmeringskurs (inkludert på ungdomsskule eller VGS-nivå).
Erfaring med Python og/eller Java er ein føremon.
Erfaring frå arbeid i tverrfaglege miljø er ein føremon.
Erfaring med innsamling, organisering og analyse av *kvalitative og/eller *kvantitative data er ein føremon.
Erfaring med forsking knytt til studentlæring, pedagogikk, likestilling i utdanning eller lærdom om undervisning og læring er ein føremon.
Erfaring med forskingsmetodar som involverer menneskelege deltakarar, som *spørjeskjemadesign, undersøkingsmetodar, fokusgrupper eller intervju er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Gode norskkunnskapar (eller eit anna skandinavisk språk) er ein føremon.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida kvart år er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200,- (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing (3-5 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Inkluder gjerne:
Interessene dine knytt til både informatikk og utdanningsaspekt ved denne stillinga.
Ein diskusjon av spesifikke forskingsemne eller spørsmål som du har tenkt å forfølgja i stillinga (inkluder sitat der det er relevant).
Ei skildring av tidlegare erfaring med forsking innan informatikk og/eller utdanning, og ei skildring av erfaringa di med spesifikke forskingsmetodar.
Kommenter òg interessa di og/eller erfaring innanfor tverrfaglege samanhengar generelt, og denne kombinasjonen av informatikk, pedagogikk og likestilling/mangfald spesifikt.
Namn og kontaktinformasjon for to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. Dersom hovudrettleiaren ikkje blir brukt som referanse, ta med ei skildring av kvifor det blir nytta ein alternativ referanse.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vera dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30. april 2023
relevante attestar
godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). Inkluder òg workshops, presentasjonar, konferansesamtalar eller undervisningsmateriell som du har utvikla
eventuelle andre publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 21. desember 2022.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til
For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Maria Svåsand
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.