LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi

Søknadsfrist: 22.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i anvendt økologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet ACTIONABLE, og finansiert av Forskingsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil arbeide innanfor prosjektet ACTIONABLE, som er eit tverrfagleg prosjekt med fokus på berekraft i kystområde i Noreg og Canada. Prosjektet tek føre seg problemstillingar gjennom sosio-økologisk systemtenking, og undersøker koplingar mellom menneske og miljø, og korleis vi kan navigere konfliktar, samt ivareta biologisk og kulturelt mangfald i fellesskap. Stipendiaten vil i hovudsak arbeide med prosjektets arbeidspakkar 3 og 4, som inneber å forske på korleis motstridande bruk av kystområde påverkar naturgode (økosystemtenestar), økosystem-tilstand og biokulturelt mangfald, samt forstå korleis ein kan forbetre økosystemforvaltinga i krysspunktet mellom land og hav. Arbeidet vil hovudsakeleg gå føre seg i Nordhordland Biosfæreområde, men det er også moglegheiter for arbeid i Lofoten, Sápmi Troms og Finnmark, og den kanadiske vestkysten.

Stipendiaten vil integrerast i forskingsgruppa tilknytt UiBs UNESCO Chair for Berekraftig arv og miljøforvalting. 

Stipendiaten vil:

  • Nytte «mixed methods»-forsking for å vurdere økosystemtenester, biokulturelle verdiar, og miljøkvalitet i kystområde (kan mellom anna inkludere økologiske feltvurderingar og -undersøkingar, samt kvalitative intervju).
  • Nytte deltakande kartlegging for å forstå motstridande bruk av kystområde ved hjelp av «participatory geographic information systems» (PPGIS).
  • Gjennomføre nettverksanalysar for å forstå miljøforvalting i kystområde.
  • Gjennomføre dataanalysar og skrive vitskaplege publikasjonar for å møte stipendiat-krava
  • Delta i prosjektets tverrfaglege aspekt, som inkluderer formidlings- og utvekslingsaktivitetar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan økologi, geografi eller studiar tilknytt miljøberekraft, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå økologisk feltarbeid er ein føremon.
  • Erfaring innan sosio-økologi, berekraftstudiar, og tverrfagleg forsking er ein føremon.
  • Erfaring med GIS og programmeringsspråket R er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat: 

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

 Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Alicia Barraclough, UiB. Alicia.barraclough@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS