1 stipendiatstilling om rolla som forsvarar i straffesaker
Søknadsfrist: 15.08.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillingane
Ved Det juridiske fakultet i Bergen er det ledig ei ph.d-stilling på eit prosjekt om forsvararrolla finansiert av Advokatforeningen.
Prosjektet skal utforske vilkåra for rolla som forsvarar i straffesaker i vår tid. Dei moderne reglane om behandling av straffesaker i Noreg er kjenneteikna av at påtalemakta har fått mange nye verkemiddel til aktivt å etterforske og oppklare kriminalitet. Etterforskinga skjer gjerne tett opp mot eller under saksbehandlinga for retten, og dette gjer det vanskeleg å realisere prinsippet om jamstilte partar («equality of arms»). Nivået for straff er dessutan blitt skjerpa på fleire område. Målet for prosjektet er å få ei betre forståing av føresetnadene forsvararen i dag har til å sikre rettane til klienten på alle trinn i saka.
Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram.
Tiltreding 1. januar 2025 eller seinare etter avtale.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget
Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.
Prosjektskildringa bør vere på ca. 10 sider, og ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektet skal ta opp relevante problemstillingar for norske rettsforhold, gjerne inkludert komparative analyser og/eller empirisk kartlegging. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling.
Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d-grad innanfor ei tidsramme på tre år.
I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program. Fakultetet nemner opp ein rettleiar for kandidaten etter tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.
Vi tilbyr
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 55-59 (kode 1017) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom kr 540 500 og kr 575 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga
CV
Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar
Vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste)
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering
Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen eller vitskaplege arbeid ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Fakultetet gjev inga vurdering av søknadene på førehand.
Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».
Generell informasjon:
Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til:
HR ved fakultetet, hrjur@uib.no, eller til prodekan for forsking Ragna Aarli, ragna.aarli@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling som du finn på denne nettsida.