LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i norske språkteknologiar ved MediaFutures

Søknadsfrist: 28.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Velkommen som søkjar til ei stipendiatstillingved MediaFutures: Forskingssenter for ansvarleg medieteknologi og innovasjon. Stillinga er knytt til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) . Planlagd oppstart er 01.08.2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om MediaFutures

MediaFutures er ein del av Forskingsrådets forskingsbaserte innovasjonsordning. Senteret er knytt til Universitetet i Bergen og er lokalisert i Media City Bergen, som vil vera arbeidsplass for stillinga.

I samarbeid med industripartnarar frå nyheitsmedium og medieteknologi, forskar forskarar ved MediaFutures på tema som medieopplevingar, tilrådingsteknologi, innhaldsproduksjon og -analyse, innhaldsinteraksjon og tilgjengelegheit, og norsk språkteknologi. Målet er å utvikla ansvarlege teknologiske løysingar på samfunnsutfordringar som kunstig Intelligens, falske nyheiter, ekkokammer og politisk polarisering. Resultata blir nye digitale verktøy, analysemetodar og innhaldstypar for framtidas media. Senteret gjennomfører også forskarutdanning innan medieteknologi og innovasjon. Dette vil skapa resultat som nye patent, prototypar, forskingsartiklar og programvare, og dessutan innovative oppstartsbedrifter. Les meir om senteret på https://www.mediafutures.no.

Institutt for lingvistiske, litteraturvitskaplege og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultetet er medleiar for Arbeidspakke 5 om norske språkteknologiar i MediaFutures. Instituttet har eit breitt spekter av utdanning og forsking. Les meir om Institutt for lingvistiske, litteraturvitskaplege og estetiske studiar her.

Arbeidsoppgåver

Me ser etter ein kandidat som ønskjer å jobba med forskingsfrontane til ansvarlege medieteknologiar med fokus på språkteknologi for generering av norske nyheitstekstar. Ei viktig forskingsutfordring i MediaFutures er generering av norsk tekstleg medieinnhald automatisk frå kvantitative datakjelder, databasar, kunnskapsgrafar og narrative strukturar. Denne oppgåva kan ta for seg versjonering ved å tilpassa leksikalske, grammatiske og stilistiske val til brukarprofilar (inkludert kognitiv tilgjengelegheit), medieeigenskapar (t.d. skjermstorleik), journalistisk format og andre parametrar. Metodikken kan inkludera generative nevrale koder-dekoder-arkitekturer, ved å bruka ein stor norsk språkmodell som for tida blir utvikla i prosjektet. Domenespesifikke datasett og modellinndata kan samlast inn i samarbeid med industripartnarar og andre arbeidspakkar. Evaluering av dei utvikla generasjonsmodellane vil vera viktig.

Ph.d.-kandidaten skal jobba ved MediaFutures i Arbeidspakke 5 og vil samarbeida med forskarar og partnarar i denne arbeidspakken, inkludert UiO, Nasjonalbiblioteket, Schibsted, Amedia og TV2, og med relevante forskarar og partnarar i andre arbeidspakkar òg. Kandidaten vil også få støtte i forskargruppa for språkmodellar og ressursar ved LLE, UiB. Kandidaten vil bli rettleidd av Prof. Dr. Koenraad De Smedt (LLE), med bi-rettleiing av andre arbeidspakkemedlemmer, og vil rapportera til senterdirektøren ved MediaFutures. Kandidaten vil også gjennomføra utplasseringar hos industripartnarar i MediaFutures.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan datalingvistikk, språkteknologi eller tilsvarande relevante fag. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må ha gode programmeringskunnskapar i Python, kunnskap om datavitskaplege metodar og kvantitative metodar.
  • Tidlegare erfaring med nevrale tilnærmingar og spesielt generative språkmodellar er ein føremon.
  • Erfaring frå relevant vitskapleg arbeid (t.d. tidlegare konferanse- og tidsskriftpublikasjonar) er ein føremon.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg (arbeidsspråket i prosjektet).
  • Kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk er ein føremon.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd. Me ønskjer kandidatar som kan jobba strukturert, både sjølvstendig og i team, er løysingsorienterte, og har gode kommunikasjonsevner.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

I vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane søkjarane har. Det blir vidare lagt vekt på fagstrategiske omsyn, dessutan at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet og MediaFutures ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjend midtvegsevaluering . Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Fulltekst av inntil fem akademiske publikasjonar som du ønskjer å senda inn til vurdering (kan inkludera masteroppgåva di eller tilsvarande).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS