Stipendiat i generativ maskinlæring med geovitenskapelige anvendelser [Distinguish]
Søknadsfrist: 01.05.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i generativ maskinlæring med geovitenskapelige anvendelser [Distinguish]
Stillinga er tilgjengeleg frå 01.05.2024 og vi forventar at kandidaten kan starte i stillinga senast 31.10.2024.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 900 studentar og 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning, tverrfagleg samarbeid innan Data Science, maskinlæring og kunstig intelligens, i tillegg til andre relaterte emne og bruksområde.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Geostyring, dvs. evna til å finjustere brønnposisjonering i sanntid, aukar brønnverdien og reduserer risiko. Geostyring er avgjerande for petroleumsbrønnar, og aktuelt for andre operasjonar som geotermiske prosjekter, horisontalboring av brønnar og tunnelar, samt CO2-lagringsbrønner. Noverande geostyringsavgjerd bygger på rask manuell tolking av sanntidsdata med omsyn til modeller, geologi og tilknytt usikkerheit.
Avanserte ensemble-metodar er kjernen i lukka-løkke reservoarstyring (EnCLRM), den nye standarden for automatisk optimalisering av petroleumsfelt under usikkerheita. EnCLRM er diverre ikkje rask nok for geostyring i sanntidsoperasjonar pga. kompleksiteten i geomodellering. Dette kan løysast med nye generativt nettverks (GN) geomodellar som "lærer geologi" før boreoperasjon og har yting på under eitt sekund. GN-geomodellane vil mogleggjere sanntids data-assimilering og gi støtte til avgjerd. DISTINGUISH vil utvikle disse teknologiane i en geostyringsarbeidsflyt. Prosjektet introduserer ny tankegang ved å erstatte "deteksjonsdybde" med "prediksjonsavstand" og sannsynlighetsbetinga avgjerdsstøtte.
Denne stillinga er primært dedikert til å utvikle GN-geomodeller som reproduserer og parametriserer realistiske, komplekse undergrunnsmiljø. I tillegg skal stipendiaten bidra til metodar for konsistent integrering av data under modellopplæringa og påfølgande dataassimilering. Merk at NORCE også tilsett ein stipendiat innanfor same prosjektet som skal fokusere på avgjerdsstøtte ved bruk av KI.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk eller relaterte felt (for eks. matematikk, statistikk, geovitskap med sterk vekt på bereknings- og programmeringsaspekt), eller levere masteroppgåva til vurdering innan 30.06.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring innan maskinlæring er eit krav
Solid kunnskap og erfaring med programmering er eit krav
Erfaring innan generative modellar er ein føremon
Erfaring frå geomodellering er ein føremon
Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
motivasjonsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå master- eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva skal leveres innan 30.06.2024. I så fall bør det også leveres et utkast til mastergradsoppgåva.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.