Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Doktorgradsstipendiat i fleirspråkleg tileigning, læring eller svekking

Søknadsfrist 10.12.2018

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ei doktorgradsstipendiatstilling (SKO 1017) er ledig ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN), Universitetet i Oslo. Stillinga har oppstart i januar 2019.

MultiLing er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd. Senteret opna 1. juni 2013. MultiLing har vore gjennom ei vellukka midtvegsevaluering, og har med det sikra finansiering for ein ny femårsperiode, til 2023. MultiLing har som mål å auke kunnskapen om fleirspråklegheit i eit livslaupsperspektiv, knytt til tre overordna tema: Fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis, og fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk (for meir informasjon, sjå http://www.hf.uio.no/multiling/). Forskingsstrategiplanen for den andre femårsperioden til MultiLing (2018-2023) er tilgjengeleg her.

MultiLing søker ein stipendiat med framifrå forskingskvalifikasjonar som skal jobbe saman med dei andre forskarane ved Tema 1 “fleirspråkleg kompetanse.” Dette temaet dekker fleirspråkleg tileigning, læring og svekking, som omtalt i forskingsstrategiplanen til MultiLing (Tema 1: Del 1.1, 1.2, og 1.3):

  • 1.1: Fleirspråkleg tileigning og læring
  • 1.2: Nedarvingsspråk
  • 1.3: Språk hos eldre: frisk og patologisk aldring hos fleirspråklege

Stipendiaten vil jobbe på eit prosjekt som er forankra i del 1.1 av forskingsstrategiplanen til MultiLing «Fleirspråkleg tileigning og læring»:

“Kognitiv kontroll i tospråkleg språkprosessering og andrespråkslæring”

Det er forventa at søkaren presenterer eit framlegg til eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Kandidaten må vise korleis det føreslegne prosjektet passar inn i MultiLing sin forskingsstrategiplan for Tema 1: «Fleirspråkleg kompetanse». MultiLing opna nyleg eit sosio-kognitivt laboratorium, og det er forventa at stipendiaten brukar laben og utstyret som finst der i forskinga si. Den som vert tilsett vil få opplæring og rettleiing i bruk av laboratoriet som ein del av forskarutdanninga si.

Det er forventa at den som blir tilsett blir ein del av og bidreg til utviklinga av forskingsmiljøet ved MultiLing. Det er forventa at den som blir tilsett styrkar dei relevante forskingsområda nemnt over, bidreg til og deltek på ulike seminar, konferansar og aktivitetar som MultiLing organiserer, og blir eit aktivt medlem av MultiLing-teamet i Oslo.

Tilsettinga gjeld for ein periode på tre år, med oppstart 1. januar 2019. Tilsettingsperioden kan bli forkorta om stipendiaten tidlegare har vore tilsett i ei stilling som doktorgradsstipendiat. Alle doktorgradsstipendiatar som leverer doktoravhandlinga si til vurdering med ei skriftleg tilråding frå rettleiaren sin innan 3 eller 3 ½ år etter tilsetting, vil få tilbod om eit gjennomføringsstipend på høvesvis 12 eller 6 månader.

Den som blir tilsett vil automatisk bli knytt til og må delta i den organiserte forskarutdanninga ved Det humanistiske fakultetet (jf. Reglement og utfyllande vedtak for forskarutdanninga på fakultetet) , og det er forventa at stipendiaten arbeider med dei gitte forskingsoppgåvene på fulltid. Det vitskaplege arbeidet skal munne ut i ei doktoravhandling (monografi eller artikkelbasert), som skal forsvarast ved fakultetet for å oppnå doktorgrad. Les meir om doktorgrad og forskarutdanning her.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Ved vurdering av søknadane vil ein særleg legge vekt på kvaliteten til prosjektskildringa og kor relevant prosjektet er for forskingsstrategiplanen til Tema 1: «fleirspråkleg kompetanse» (1.1, 1.2, og/eller 1.3). Det vil også bli lagt vekt på søkaren sine forventa faglege og personlege føresetnadar for å fullføre avhandlinga innan den gitte tidsramma.

Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad eller tilsvarande utdanning innan lingvistikk, nordiske språk, psykologi, eller ein anna disiplin som er relevant for MultiLing sitt arbeid (legg merke til kravet om minimum toåring mastergrad eller tilsvarande. Avsluttande grad skal vere oppnådd ved søknadstidspunktet).
  • Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk
  • Søkaren må vere personleg eigna til og motivert for stillinga

Ein eller fleire av dei følgjande kvalifikasjonane vil vere ein føremon, men er ikkje eit krav:

  • Kjennskap til minst eit minoritetsspråk brukt i Noreg, som punjabi, tyrkisk, arabisk eller polsk.
  • Kjennskap til norsk

Ved vurdering av søknadane vil ein vektleggje:

  • Den vitskapelege kvaliteten på prosjektet, forskingsrelatert relevans og innovasjon.
  • Søkaren si internasjonale erfaring og internasjonale nettverk.
  • Søkaren sine faglege og personlege føresetnader for å gjennomføre prosjektet innanfor tidsramma.
  • Gode samarbeidseigenskapar og evne til å gå inn i faglege fellesskap på tvers av disiplinar.
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga

Dersom fleire søkarar skulle vere like godt kvalifiserte for stillinga, vil ein gi forrang til søkarar med eit prosjekt som er relevante for den fleirspråklege situasjonen i Noreg. Kandidatar med ein minoritetsspråkleg bakgrunn som er relevant for den fleirspråklege situasjonen i Noreg, er oppfordra til å søke.

Vi tilbyd

  • Lønnstrinn 449 400-497 000 NOK avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Korleis søke

Søknaden skal innehalde følgande, sendt som vedlegg til den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • Søknadsbrev som skildrar søkaren sine kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga.
  • Curriculum Vitae (med fullstendig oversikt over utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktiviteter, samt ei fullstendig liste over publikasjonar).
  • Karakterutskrift for mastergrad. Søkarar med utdanning frå eit utanlandsk universitet må leggje ved ei rettleiing til karaktersystemet ved deira universitet.
  • Prosjektskildring på 3–5 sider, inkludert ein detaljert framdriftsplan for prosjektet (sjå mal for prosjektbeskriving).

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed vi om ei forklaring på karaktersystemet. Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk.

Publikasjonar, masteroppgåver og liknande skal ikkje leggjast ved søknaden, men kan bli etterspurde seinare.

Det blir nytta intervju i tilsettingsprosessen. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller via Skype.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i stipendiatstillingar ved Universitetet i Oslo.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS