LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar - Seksjon forsking

Søknadsfrist: 15.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger.


Les meir om Forskings- og innovasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskings- og innovasjonsavdelinga - seniorrådgjevar forsking

Vil du vere med å realisere UiBs strategiske mål innan forsking, innovasjon, utdanning og formidling?

Universitetet i Bergen er ein av Norges leiande institusjonar for forsking og høgare utdanning med ein tydeleg internasjonal profil.

Forskings- og innovasjonsavdelinga lyser nå ut ei fast stilling som seniorrådgjevar. Avdelinga har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing, og legg til rette for universitetets satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid, karriereutvikling og eksternfinansierte kontraktar. UiB har store ambisjonar knytt til påverknad og synlegheit i EU, og avdelinga har ansvaret for å følje opp UiB si strategiske satsing i EU, blant anna gjennom Brusselkontoret ved UiB.

Den ledige stillinga vil få arbeid innan eit bredt spekter av oppgåver knytt til rådgjeving og utvikling av forsking og forskingsprosjekt ved UiB. Ei stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og du vil bli ein del av team som bistår forskarar med å utvikle konkurransedyktige søknadar til ulike program, og også i arbeid med å mobilisere fagmiljø inn mot EU sitt rammeprogram, Horizon Europe. Avdelinga utviklar også fleire kurs, workshops og arrangement for forskarar og administrativt tilsatte ved fakulteta, og arbeid med karriereutvikling for yngre forskarar er ein viktig del av dette.

Stillinga er plassert i Seksjon Forsking med i alt 15 medarbeidarar. Den som vert tilsett vil arbeide i team med svært engasjerte og dyktige kollegaer på tvers av heile avdelinga, og vil også ha utstrakt samarbeid med fakultet og institutt. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeide med fakultet, fagmiljø og avdelinga om å auke gjennomslag i nasjonale og internasjonale forskingsprogram.
  • Gje råd og støtte til forskarar som skal søkje om eksternfinansiering, og koordinere søknadsprosessar saman med desse.
  • Bidra til å utvikle gode system og heilskaplege prosessar for forsking ved UiB.
  • Delta i utvikling og gjennomføring av kurs for forskarar og administrativt tilsette.
  • Bidra i arbeid med karriereutvikling for yngre forskarar.
  • Stillinga kan få andre oppgåver etter behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse på minst masternivå. Utdanning på ph.d.-nivå eller tilsvarande er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon og eksternfinansiering av forsking.
  • Kunnskap om forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikk.
  • Kjennskap til UH-sektoren, EU, Norges forskingsråd, og andre relevante forskingspolitiske aktørar og forvaltning.
  • Utgreiings- og saksbehandlarerfaring.
  • Erfaring med og motivasjon til å halde presentasjonar og kurs.
  • Erfaring med å støtte og utvikle større prosesser.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper.
  • Kunne arbeide målretta både sjølvstendig og i team.
  • Flink til å koordinere andre og kunne handtere ulike oppgåver samstundes.
  • Systematisk og analytisk.
  • Opptatt av kunnskapsdeling og utvikling.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande oppgåver innan arbeidsfelt med stor strategisk verdi for UiB
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde.
  • Sjølvstende og fleksibilitet i stillinga.
  • Tilbod om ein kompetansepakke og tilrettelagt opplæring som nytilsatt.
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 75-78 i det statlege lønsregulativet (for tida kr. 728100-790100). For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef og nestleiar Birgit Falch, 95171180

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS