Seniorrådgjevar (Forskning) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 23.01.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgivar
Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar (100 %). Til stillinga ligg det oppgåver knytt til arbeid med forskarutdanning, forskingsadministrasjon, samt arbeid med å utvikling av innovasjonsfeltet ved fakultetet.
Den som vert tilsett vil inngå i Forskingsseksjonen som er ein av fem seksjonar i fakultetsadministrasjonen. Forskingsseksjonen har programansvar for ph.d.- utdanninga, tilbyr forskings- og innovasjonsrådgjeving, og har koordineringsoppgåver på tvers av institutta, utgreiingsoppgåver og prosjektstøtte for leiinga. Seksjonen gjer også sakshandsamingsoppgåver.
Arbeidsoppgåver:
Leiarstøtte, planarbeid, analyse, utgreiings- og utviklingsoppgåver
Koordinator for ph.d. utdanninga ved fakultetet
Administrering og utvikling av innovasjonsfeltet
Rådgjeving og administrativt arbeid av særskilt krevjande karakter
Rådgjeving mot institutta i forskings- og ph.d.-utdanningssaker
Rapporteringsarbeid, mellom anna framdriftsrapportering og rapportering til offentleg mynde
Saksførebuing for utval og fakultetsstyre
Sakshandsaming og driftsoppgåver for ph.d.-utdanninga
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad og helst spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Omfattande relevant praksis er eit krav
God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav
God kjennskap til forskings- og utdanningsmiljø er eit krav
Kjennskap til innovasjonsprosesser er ein føremon
God administrativ IT-kompetanse. Det er ønskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som Universitetet i Bergen nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes Felles Studentsystem, ePhorte,Tableau)
Vi søkjer ein person som
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er imøtekommande og serviceinnstilt
er analytisk, strukturert og har god gjennomføringsevne
har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er komfortabel med presentasjonsoppgåver
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt arbeidsmiljø og spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 64-70 (for tida kr 583 500 – 650 300). For særs kvalifisert søkjare kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Seksjonssjef Tone Friis Hordvik tlf: 97 00 11 34
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.