LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar eksternfinansiering - store forskingsprosjekt

Søknadsfrist: 05.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskings- og innovasjonsavdelinga - Seniorrådgjevar eksternfinansiering - store forskingsprosjekt

Forskings- og innovasjonsavdelinga har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legg blant anna til rette for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid og berekraft. Ei stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og forskingsprogram knytt til framifrå forsking har ei særskild strategisk betydning for UiB. Den samla eksternfinansierte inntekta til universitetet utgjer i 2020 over ein milliard. Avdelinga har tre seksjonar og til saman 33 tilsette.Avdelinga lyser nå ut ei fast stilling som seniorrådgjevar som skal jobbe med rådgjeving og prosjektstøtte knytt til eksternfinansiering av forsking frå EU og Forskningsrådet, og andre eksterne finansieringskjelder ved behov. Stillinga er knytt til Seksjon Forsking, og skal ha eit særleg ansvar for å bidra i arbeid med store, tematiske forskingsprosjekt med internasjonale partnarar. Du vil arbeide i eit team med svært engasjerte og dyktige kollegaer, og vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeide med UiB si leiing, fakultet og avdelinga om å auke gjennomslag i nasjonale og internasjonale forskingsprogram knytt til store, tematiske forskingssøknadar.
  • Gje råd og støtte til forskarar som skal søkje om eksternfinansiering, og koordinere søknadsprosessar saman med desse.
  • Bidra til å utvikle gode rutinar for søknadsarbeidet.
  • Delta i utvikling og gjennomføring av kurs for forskarar.
  • Bidra i arbeid med karriereutvikling for yngre forskarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på ph.d.-nivå eller tilsvarande
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon, eksternfinansiering og prosjektoppfølging
  • Solid kunnskap om EU og Forskingsrådet sine forskingsprogram, særleg dei store, tematiske programma
  • Erfaring frå forskingssamarbeid mellom næringsliv, offentleg sektor og akademia
  • Solid utgreiings- og saksbehandlarerfaring
  • God kjennskap til det norske universitets- og forskingssystemet
  • Erfaring med å halde presentasjonar og kurs
  • Erfaring frå prosjekt- og prosessutvikling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Evne til å koordinere andre og kunne handtere ulike oppgåver samstundes
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig
  • Opptatt av kunnskapsdeling og utvikling
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt vekt på

Vi kan tilby:

  • Ei avdeling i spanande utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-74 i det statlege lønsregulativet (For tida kr. 618 600 - 694 400). For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby.

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS