Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorrådgjevar – innovasjon

Søknadsfrist: 18.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar – innovasjon

Universitetet i Bergen (UiB) er ein anerkjent forskings- og utdanningsinstitusjon, og er organisert i syv fakultet og ca. 54 institutt og akademiske sentre med meir enn 18.000 studentar og 4000 tilsette. UiB er vertskap for fleire sentre for fremragande forsking og for forskningsdrevet innovasjon, og har internasjonalt leiande forskingsmiljø på klima og marin forsking. Berekraft og auka samhandling med næringsliv og offentleg sektor er viktige satsingsområde.

UiB har store ambisjonar om å auke innovasjons- og entreprenørskapsaktiviteten blant studentar og forskarar, og har nylig vedtatt ein handlingsplan på dette området. Planen har ei brei tilnærming til innovasjon som inkluderer tenesteinnovasjon, sosial innovasjon og organisasjonsinnovasjon. I åra framover skal det utviklast ein sterkare kultur for innovasjon, og ein treng meir administrativ kompetanse for å bidra til å nå desse måla.

Den nye stillinga er plassert i Forskings- og innovasjonsavdelinga på UiB. Avdelinga tel om lag 30 tilsette som arbeider med forsking-, innovasjon- og juridisk rådgjeving, og er inne i ei spanande utvikling. Stillinga er lagt til seksjon for innovasjon, og du vil arbeide i eit topp kompetent team med engasjerte og framoverlente kollegaer. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Forskings- og innovasjonsavdelinga gjev råd og støtte til universitetsleiinga, fakulteta og forskarar. Ein stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og innovasjon får stadig større betyding i desse programma. Universitetets samla eksternfinansierte inntekt utgjer i 2020 over ein milliard.

Stillinga inneber mykje kontakt med forskarar, fagmiljø og eksterne samarbeidspartnarar og skal mellom anna bidra til å etablere nye møteplassar for innovasjon ved universitetet. Som seniorrådgjevar vil du arbeide med rådgjeving og støtte til prosjektsøknadar og du vil mellom anna vere ansvarleg for å følgje opp aktuelle program i EU, Norges forskingsråd, Innovasjon Norge og andre finansieringskjelder både nasjonalt og internasjonalt der innovasjon har eit særleg fokus.

Arbeidsoppgåver:

Rådgjevaren skal mellom anna:

  • Inngå i eit team som skal følgje opp UiBs handlingsplan for innovasjon og entreprenørskap
  • Bidra til å byggje opp innovasjonskompetanse hos forskingsmiljøa ved UiB og til å fremme og støtte innovasjonsarbeid i organisasjonen som heilheit
  • Bidra til å knytte kontaktar mellom fagmiljø og næringsliv som ledd i å styrke innovasjonsarbeidet ved UiB
  • Gje råd og støtte til forskarar som skal søke EU og Forskingsrådet om finansiering til forskings- og innovasjonsprosjekt samt gje fagstøtte til aktuelle fagmiljø i
  • Følgje opp tenestekjøp frå UiBs samarbeidspartner VIS - Vestlandets Innovasjonsselskap AS
  • Yte støtte til utvikling av institusjonelle virkemidlar som skal bidra til auka innovasjonsaktivitet ved UiB
  • Andre oppgåver kan bli tillagt etter behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi ynskjer at du har:

  • Mastergrad i relevante fag. Realkompetanse med relevans for arbeidsoppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
  • God kjennskap til innovasjonsprosessar og entreprenørskapsarbeid. Det er ein føremon med røynsle frå utviklings- eller innovasjonsprosjekt
  • Erfaring med EU og Forskingsrådets forskings- og innovasjonsprogram, eller tilsvarande
  • Kjennskap til den norske universitets- og høgskulesektoren, med vekt på forsking
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du er:

  • Ein pådrivar med stor arbeidskapasitet
  • Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig

Vi legg vekt på:

  • Relevant og brei erfaring
  • Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga

Vi kan tilby:

  • Ei avdeling i spanande utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-74 (for tida kr. 615 900 - 691 400)i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine- medarbeidere

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande seksjonsleder, seksjon for innovasjon, Magnus Holtermann, telefon 55 58 49 89

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast om du får melding om dette.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS