Seniorrådgjevar - Forskings- og innovasjonsavdelinga
Søknadsfrist: 05.02.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskings- og innovasjonsavdelinga - Seniorrådgjevar eksternfinansiering framifrå forsking (excellence)
Forskings- og innovasjonsavdelinga har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legg blant anna til rette for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid og berekraft. Ei stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og forskingsprogram knytt til framifrå forsking har ein særskild strategisk betydning for UiB. Den samla eksternfinansierte inntekta til universitetet utgjer i 2020 over ein milliard. Avdelinga har tre seksjonar og til saman 33 tilsette.Avdelinga lyser nå ut ei fast stilling som seniorrådgjevar som skal jobbe med rådgjeving og prosjektstøtte knytt til eksternfinansiering av forsking frå EU og Forskningsrådet. Stillinga er knytt til Seksjon Forsking, og vil ha eit særleg ansvar for å støtte opp under UiB sine ambisjonar innan framifrå forsking. Du vil arbeide i eit team med svært engasjerte og dyktige kollegaer, og vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.I tillegg til den faste stillinga kan det også vere aktuelt å tilsetje i eit vikariat i 100% stilling til november 2021.
Arbeidsoppgåver:
Samarbeide med UiB si leiing, fakultet og avdelinga om å auke gjennomslag i nasjonale og internasjonale forskingsprogram knytt til framifrå forsking
Gje råd og støtte til forskarar som skal søkje om eksternfinansiering, og koordinere søknadsprosessar saman med desse
Bidra til å utvikle gode rutinar for søknadsarbeidet
Delta i utvikling og gjennomføring av kurs for forskarar
Bidra i arbeid med karriereutvikling for yngre forskarar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på ph.d.-nivå eller tilsvarande
Erfaring frå forskingsadministrasjon, eksternfinansiering og prosjektoppfølging
Solid kunnskap om EU og Forskingsrådet sine forskingsprogram, særleg innan framifrå forsking
Solid utgreiings- og saksbehandlarerfaring
God kjennskap til det norske universitets- og forskingssystemet
Erfaring med å halde presentasjonar og kurs
Erfaring frå prosjekt- og prosessutvikling
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
Evne til å koordinere andre og kunne handtere ulike oppgåver samstundes
Serviceinnstilt og fleksibel
Systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig
Opptatt av kunnskapsdeling og utvikling
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt vekt på
Vi kan tilby:
Ei avdeling i spanande utvikling
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-74 i det statlege lønsregulativet (for tida kr. 618 600 -
694 400). For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Seksjonsleiar Birgit Falch: +47 95171180
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.