Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgivar/Jurist (fagleder)
Vil du vere med å realisere UiBs strategiske mål innan forsking, innovasjon, utdanning og formidling?
Universitetet i Bergen er ein av Norges leiande institusjonar for forsking og høgare utdanning med ein tydeleg internasjonal profil. Vi søker en erfaren og dyktig juridisk seniorrådgivar med interesse forsking og innovasjon som kan lede arbeidet med forskingskontrakter på vegne universitetet.
Forskings- og innovasjonsavdelinga har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legg til rette for for universitetets satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, internasjonalt samarbeid, innovasjon og eksternfinansierte kontraktar. Stillinga som juridisk fagleder er plassert i seksjon innovasjon og du vil rapportere til seksjonsleiar.
Som fagleder vil du ha den daglege leiinga av eit team på fem personar med ansvar for kontraktsoppfølging, inngåing av avtaler, forhandling og løypande rådgjeving knytt til forskings- og innovasjonsavtalar. UiB har en stor eksternfinansiert portefølje på litt over en milliard kroner og kontraktane har et bredt omfang og kompleksitet med mange nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Det er til tider et høgt tempo og stor etterspørsel av denne tenesta frå forskere, institutt, fakultet og leiing frå hele UiB.
Vi søker etter ein fagleg dyktig og positiv kollega som vil hjelpe oss med å vidareutvikle fagfeltet og som har evne til å prioritere og sjå heilskapen i kontraktsgruppas samla aktivitet.
På Forskings- og innovasjonsavdelinga får du som jurist tilbod om en kompetansepakke og tilrettelagt opplæring som nytilsett. Avdelinga er opptatt av kontinuerleg fagleg utvikling. Kompetansepakka inneberer blant annet faste tilbod om kurs i aktuelle juridiske fagfelt som IPR, avtalerett med meir, og det er under etablering eit eiget Juristforum samen med juristar frå hele UiB. Avdelinga har blant annet ansvar for UiB sitt Brusselkontor og vil tilrettelegge særskilt for kompetanseheving i tett dialog med våre juridiske kollega på nasjonale og europeiske universitet.
Arbeidsoppgåver:
Faglederansvar for kontraktarbeidet
Utvikle feltet videre, være pådrivar for kompetanseutvikling og ha eit særleg rettleiingsansvar
Utarbeide, forhandle og følgje opp kontraktar knytt til den eksternfinansierte verksemda til universitetet
Forhandlingar med næringsliv og offentlege aktørar
Utvikle og avhalde interne kurs for UiBs tilsette
Juridisk rådgiving til universitetsleiinga, fakultet, institutt og forskarar ved universitetet
Vidareutvikle interne retningslinjer og rutinar innan ansvarsområda
Stillinga kan få andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Cand.jur eller mastergrad i rettsvitskap
God kontraktsrettsleg eller tilsvarande kompetanse og eit godt juridisk skjønn. Dette gjelder erfaring og kompetanse frå kontraktar generelt – det vil bli gitt opplæring i arbeidet med forskings- og innovasjonskontrakter.
Relevant arbeidserfaring, mellom anna røynsle med utforming av avtaler og løypande rådgiving på inngåtte avtaler.
Kompetanse innan selskapsrett, immateriell rett og kontraktforhandlingar kan være en fordel
God kjennskap til UH-sektoren med interesse for forsking og innovasjon
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Du er:
Ein pådrivar med stor arbeidskapasitet
Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
Sjølvstendig og løysningsorientert samtidig som du samarbeider og kommuniserer god, fagleg og tverrfagleg, med andre
Systematisk, nøyaktig, analytisk og med evne å handtera komplekse problemstillingar
Vi legg vekt på:
Relevant erfaring
Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga
Vi kan tilby:
Eit sterkt kompetansemiljø med stor fagleg bredde
Eit inkluderande og raust arbeidsmiljø som er opptatt av å dele kunnskap og jobbe i team
Høge ambisjonar og mål for forskings- og innovasjonsaktiviteten
Ein kompetanse- og utviklingsplan for stillinga og for gruppa
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
Lønn som seniorrådgivar (kode 1364) , etter årslønn kr. 800 000 - 865 000 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjoner og egenskaper. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Direktør, Forskings- og innovasjonsavdelinga, Benedicte Løseth, tlf. 916 03 900, eller nestleiar, Birgit Falch, tlf. 951 71 180
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.