Vitskapleg assistent (50 % mellombels stilling) - Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK)
Søknadsfrist: 12.12.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitenskapeleg assistent
Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) er det ledig ei mellombels 50 % stilling som vitskapeleg/undervisningsassistent i perioden 01.01.2021-30.06.2021 med moglegheit for forlenging.
SKOK er eit tverrfakultært og tverrfagleg forskings- og undervisningssenter med for tida fire fast vitskapeleg tilsette, ei gruppe ph.d.-stipendiatar, postdoktorar og tilknytte forskarar, samt administrativ stab. Senteret har det faglege ansvaret for ei bachelorgrad og eitt årsstudium i kjønnsstudium ved UiB. SKOK tilbyr i tillegg ph.d-kurs, både i eigen regi og i regi av den nasjonale forskarskulen i kjønnsforsking. I tillegg til undervisningsoppgåver på lågare og høgare grad er det ein viktig del av den faglege verksemda å arrangere opne seminar som er relevante både for interne forskarar og, for det større universitetssamfunnet og for omverda.
Arbeidsoppgåver:
Seminarundervisning og anna undervisningsstøtte
Arrangementsstøtte
Arbeidsstøtte for senterleiar og den vitskaplege staben
Tekstproduksjon og tekstbearbeiding, publiseringsstøtte
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar bør ha utdanning på mastergradsnivå innan relevante fagfelt og god kjennskap til kjønnsforskingsfeltet. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant praksis, god administrativ it-kompetanse og kjennskap til Web-publisering
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både bokmål, nynorsk og engelsk
God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
Undervisningserfaring vil vere ei føremon
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som vitskapeleg assistent (1020) i lønssteg 51 i det statlege lønsregulativet. For særskild kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
CV
Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar
Karakterutskrift og vitnemål for bachelorgrad
Relevante attestar
Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.
Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Tone Lund-Olsen, Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), tone.lund-olsen@uib.no . tlf. 55 58 33 12
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.