Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som stipendiat for ein åremålsperiode på 4 år, med 25 % pliktarbeid knytt til undervisning og andre oppgåver ved instituttet. Stillinga er knytt til NFR-prosjektet ‘Social inequality in adolescent mental health in a life course perspective’ (LONGTRENDS).

Målet med prosjektet er å bidra til ei større forståing av sosiale ulikskapar i psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

LONGTRENDS

  • Prosjektet vil kartlegge samfunnstrendar i psykisk helse blant ungdom med ulike sosioøkonomiske bakgrunnar, og undersøkje kva for rolle faktorar som sosial støtte, familiestruktur, kjønn, og større livshendingar og overgangar spelar i samanhengen mellom sosioøkonomisk status og psykisk helse.
  • I tillegg freistar prosjektet å utvikle meir presise metodar for å måle ungdom sin sosioøkonomiske status.
  • Prosjektet nyttar data frå fire ulike nasjonale og internasjonale studiar saman med registerdata på utdanning og hushaldningsøkonomi for å setje lys på problemstillingar knytt til psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.
  • Prosjektet er organisert i delprosjekt (arbeidspakkar) der kvar del vil ha sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.

Arbeidspakke 1

  • Stipendiatstillinga er knytt til arbeidspakke 1 i prosjektet.
  • Arbeidspakken kombinerer kompetanse frå sosialpsykologi, helsefremjande arbeid, folkehelse, sosial ulikskap, positiv ungdomsutvikling, mental helse, epidemiologi og avansert statistikk for å adressere forskingsspørsmål knytt til kva slags rolle kritiske og følsame periodar, akkumulering av risiko og ulike utviklingsforløp spelar i utviklinga av sosiale ulikskapar i mental helse.

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med andre forskarar i prosjektet, vil stipendiaten sine arbeidsoppgåver vere å

  • gjennomføre statistiske analysar av datamaterialet frå delprosjektet ‘Voksen i år 2000’, ein to-generasjon langsgåande studie av eit årskull fødd i 1977 med ni bølgjer av undersøkingar over 27 år (1990-2017), og tre bølgjer med data frå foreldra i løpet av 1990-1996. Konkrete forskingsspørsmål er: i) kva er kritiske periodar for ulikskap i mental helse i alderen frå 13 til 40 år?, ii) korleis heng sosial ulikskap i helseåtferd saman med ulikskap i mental helse?, og iii) korleis kan sosial støtte frå tidleg ungdomsalder til middelalder mediere eller moderere samanhengen mellom stressande livshendingar og mental helse, og kan ulikskap i sosial støtte forklare ulikskap i mental helse?
  • skrive og publisere vitskaplege artiklar
  • formidle funn frå analysane gjennom vitskaplege og populærvitskaplege artiklar og andre former for forskingsformidling
  • samarbeide med nasjonale og internasjonale prosjektpartnarar
  • bidra i administrering av prosjektet, prosjektmøte og -samlingar
  • bruke kunnskap og erfaring frå prosjektet til utvikling av nye forskingsprosjekt og datainnsamlingar
  • undervise og rettleie studentar på studieprogramma ved HEMIL

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved HEMIL.

  • Ta kontakt med prosjektleiar Helga B. Urke for å få tilsendt prosjektbeskrivinga til LONGTRENDS.
  • Den som vert tilsett vil bli knytt til forskingsgruppene SIPA (HEMIL) og Psykisk folkehelse (ISP). Hovudrettleiar vil bli Ellen Haug.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidpunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i helsefremjande arbeid, psykologi eller andre relevante fagområde.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • God kunnskap om teoriar om sosial ulikskap i mental helse er ei føremon
  • Gode ferdigheiter i statistiske analyser
  • Erfaring frå praktisk arbeid som er relevant for studien
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner innanfor ein kompleks forskingskvardag.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjoner og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatene

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Søkjarar kan ikke ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei kort prosjektskisse basert på arbeidspakke 1 (maks 3 sider inkl. referanse)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS